Det meiner i alle fall turlaget og redningsetatane. For denne sommaren har vist at det kan vere minst like farleg å gå i fjellet i varmen – som på vinterstid.
For , men ikkje så gode å lene seg på når det er 25 varmegrader i fjellet.
- LES OGSÅ:
– Ja, det kjem litt an på kor lang tur du legg ut på då, seier Marino Ask, leiar i Sogn og Fjordane Turlag.
Nær 50 år gamle
Fjellvettsreglane har vore ein del av nordmenns bevisstheit sidan dei såg dagens lys etter ei forferdeleg påske i 1967. Då omkom 18 menneske i fjellet.
Reglane har vore uforandra sidan dei vart presenterte på radio for første gang i 1969, men Ask er samd i at ekstra førebuingar må takast også når ein skal på ein fjelltur i varmen.
– Ha med godt med drikke og syt for at du får i deg nok væske når varmen er så høg. Ikkje minst, smør deg inn med solkrem så du ikkje blir solbrent og ta med solbrille. Kjem du i høgfjellet og er i snøområde, så er det avgjerande. Er det ein heildagstur, ta med mat, seier han.
Hue og vottar
I tillegg må ein ikkje gløyme at tropenetter stort sett er reservert låglandet. I fjellet blir det kaldt om natta.
– Det å ha med seg godt med klede dersom du skal gå over lengre avstandar. Eg likar godt å ha med både vindtette klede, hue og vottar om noko skulle oppstå, legg Ask til.
Tal frå Turistforeininga viser at den varme sommaren har lokka enormt med folk til fjells.
Rekordsommar
Besøkstala på dei betente DNT-hyttene
. Så langt ser juli ut til å bli endå betre.- LES OGSÅ:
Legg ein også til at årets
, er det lett å forstå at mange kan gå i den klassiske «Severin Suveren»-fella:- Å overvurdere seg sjølv.
(Artikkelen held fram under biletet)
Modernisert regel
Ved luftambulansebasen i Førde opplever dei jamleg at folk har med seg utstyret dei treng. Likevel er det mange som ikkje veit korleis dei skal bruke det.
Pilot Bent Næss meiner ein kommunikasjons- og varslingsplan bør vere med i ei oppdatert og modernisert liste for dei over 50 år gamle fjellvettsreglane. Med andre ord GPS eller mobil.
- LES OGSÅ:
- LES OGSÅ:
– Ein må tenkje over kva område ein skal gå i og om det er dekning der. Særskilt gjeld det turlag som endar opp i problem. Vi ser ofte at dei ikkje kjenner kvar dei skal finne sin eigen posisjon. Det er det som hjelp oss mest, seier Næss.
(Artikkelen held fram under biletet)
Sju nye punkt
Redningsmann Kjell Naustdal har også ein regel å komme med.
– Folk som har lidingar, må ta høgde for det. Ta med medisinen og snakk med legen før ein legg ut på tur. Det kan vere folk med epilepsi, sukkersjuke, hjarteproblem og slike ting, seier han.
Her er dei sju gode råda til fjellturar i sommarvarmen:
- Ta med deg vatn.
- Ta med deg solkrem.
- Ta med deg solbrille.
- Det er ikkje 25 grader om natta, så ta med deg varme klede.
- Lær deg mobilen og GPS-en din.
- Og vit kva du skal gjere om du får eit anfall.
Men viktigast av alt:
– Bruk naturen og fjellet for det det er verdt, men ta med hovudet, avsluttar Naustdal.