Hopp til innhold

Høgskulen: nei til Bergen

Styret ved Høgskulen i Sogn og Fjordane seier eit klart nei til å slå seg saman med Høgskolen i Bergen.

Heidi Kathrin Osland

VIL VERE ÅLEINE: Storleik er ikkje avgjerande for kvalitet, meiner høgskulen i Sogn og Fjordane.

Foto: Vidar Gudvangen / NRK

– Vi forstår godt at dei ønsker å ha oss med. Vi er veldig gode på veldig mange område. Vi har betre gjennomstrøyming enn Høgskulen i Bergen, vi er veldig sterke på rekruttering og har nøgde studentar, seier Heidi-Kathrin Osland.

Regjeringa vil ha færre og større institusjonar, og Høgskulen i Bergen opnar for ei samanslåing med Sogn og Fjordane.

Men det vil ikkje Høgskulen i Sogn og Fjordane, som i dag har vedteke ei høyringsuttale til Kunnskapsdepartementet om framtidas skulestruktur.

– Vi har eit utruleg godt samarbeid i regionen. Det ønsker vi å halde fast på, for det er så verdifullt for oss. Vi er gode på å samhandle med kommunane og næringslivet. Det er feil å skusle bort dette med å bli ein del av noko mykje større som er styrt frå Bergen, seier Osland.

Samarbeidet avgjerande

Osland fortel at dei har halde på med arbeidet mot denne konklusjonen i mellom eit halvt og eitt år. Og det er ein klar konklusjonen.

– Vi er godt rigga til å samarbeide med regionen og til å ha gode og kvalitetssterke utdanningar. Å vere tett på regionen, tett på dei som tek avgjerdene her lokalt, tett på kommunane og tett på næringslivet, gjer vi betre når vi er her i Sogn og Fjordane enn når vi sit i Bergen.

Men dei presiserer likevel at dei vil halde fram med det tette samarbeidet med andre skular.

– Vi er fleksible, vi samarbeider med dei vi til ei kvar tid tykkjer det er best å samarbeide med. Vi har godt samarbeid med NTNU, med idrettshøgskulen og med høgskulen i Bergen. Vi samarbeider med dei vi ønsker på dei ulike studia vi meiner det er best. Vi vil ikkje knytte oss til berre ein høgskule eller eit universitet.

Storleik er ikkje avgjerande

No har dei invitert statsråd Torbjørn Røe Isaksen til høgskulen, i håp om å overtyde han om at dei skal få halde fram som i dag.

– Er det realisme i dette?

– Det er heilt klart realistisk. Vi har gjort ei seriøs og grundig vurdering og vi har stor tru på at den vurderinga er det beste for framtida til høgskulen, seier Osland.

Ho avviser at høgskulen er ein liten, og kallar det ein mellomstor høgskule. Storleik er uansett ikkje avgjerande, meiner Osland.

– Det er ikkje slik at dei største institusjonane nødvendigvis er dei beste. Her må ein jobbe hardt, uansett storleik.