Hopp til innhold

Mislikar du hoggormar, så er dette dårleg nytt

Allereie i mars møtte Gunnar Gytri hoggorm på ein av sine mange fjellturar. Hoggormekspert Dag Dolmen er ikkje overraska, og har dårleg nytt til dei som ikkje likar skapningen.

Gunnar Gytri filma denne ormen på ein tur ved Bringeland i Gaular kommune.

SJÅ VIDEO: Ormen fekk hastverk med å komme seg vekk då Gunnar Gytri gjekk på den under ein tur i skogen. (Foto: Gunnar Gytri)

Gunnar Gytri likar seg godt i skog og mark, og ser gjerne eitt par ormar for året på sine mange turar. Men eit så tidleg møte med huggormen som i mars, har han aldri før hatt.

Då han onsdag gjekk tur ved Bringeland i Gaular, møtte han på ein ny orm. Gytri filma møtet, og sendte filmen til NRK.

Gunnar Gytri

ORMEMØTE: Gunnar Gytri gjekk på ein hoggorm under ein tur ved Bringeland.

Foto: Heidi Lise Bakke / NRK

– Eg såg ikkje ormen, før eg heldt på å trakke på den. Den kraup vekk då eg byrja å filme, fortel Gunnar Gytri om den godt vaksne hoggormen han såg på turen 22. april.

Første møte med orm

– Eg trur det må vere av dei største eg har sett, seier han. Og ikkje er den einaste som har fått eit tidleg møte med hoggorm denne våren.

Hoggorm på Sandane.

SOLA SEG: På veg tilbake til sentrum gjekk Svanhild Liseth Solheim og Ingrid Sandene på denne ormen.

Foto: Svanhild Liseth Solheim

Svanhild Liseth Solheim og Ingrid Sandene i Gloppen var på retur frå Holvikefossen då dei gjekk på ein hoggorm ved Engesetåsen andre påskedag.

– Eg er ganske engsteleg for orm, og veit at den har vore observert i området, men eg har aldri gjennom mine 15 år her på Sandane møtt ein levande orm. På skogsvegen såg vi den ligge å nyte vårdagen med hovudet opp, fortel Liseth Solheim.

Ikkje overraska

Møtet med den kring 70 centimeter lange ormen var med skrekkblanda fryd.

– Heldigvis møtte vi den på ein oversiktleg plass. Skrekken er tett lyng og ute i skogen der ein plutseleg får seg eit bitt, seier Liseth Solheim og legg til at ein annan turgåar gjekk på fleire hoggormar på veg til Holvikefossen same dag.

Dag Dolmen

EKSPERT: Dag Dolmen er førsteamanuensis ved NTNU i Trondheim.

Foto: Geir Mogen

Førsteamanuensis og hoggormekspert Dag Dolmen ved NTNU, er ikkje overraska over dei tidlege ormeobservasjonane.

Han seier at mild vinter og lite snø og frost, gjorde at ormen allereie i februar/mars trekte ut av hiet i låglandet. Han har også dårleg nytt til alle som ikkje likar hoggormar.

Vil sjå fleire ormar

– Eg vil nok tru at trøndelagskysten, Vestlandet og låglandet på Sørlandet og Austlandet er ganske likt. Her har dei nok spreidd seg og lever i terrenget allereie. Men litt i høgda, kanskje 500 meter over havet, så har dei ikkje kome ut i like stor grad, seier Dolmen til NRK.no.

– Er det grunn til å frykte at det blir eitt ormerår?

– Nei, det trur eg ikkje vi skal snakke om. Ormen blir ikkje like raskt kjønnsmoden som smågnagarar, og føder annankvart år. Men det ein kan seie er at overlevinga i hiet har vore ganske høg, så kanskje ein ut på sommaren vil sjå fleire store ormar.

Mange ormar samla

Det betyr at dei som likar seg ute i naturen, og helst ikkje vil gå på ormen, bør vakte seg vel.

– I fjellet kan ein komme over mange ormar samla i overvintringsområde, gjerne 20 ormar saman og på stader der folk likar å setje seg ned for å ta ei appelsin, seier han.

– Er ormen hissigare no enn på andre årstider?

– Er temperaturen låg, så er den nok mindre hissig. Då blir den dorsk uansett kva tid på året det er. I påskesola kjem gjerne temperaturen opp i 20 grader, og har den sola seg då så bør ein ikkje vere borti den.

– Reddare enn oss

Svanhild Liseth Solheim

GALANT: – Låg på vegen med galant løfta hovud og naut den flotte føremiddagssola, fortel Svanhild Liseth Solheim om ormen.

Foto: Privat

For dei aller fleste vil møtet med hoggormen, uansett kor lite ein har ynskje om å møte den, gå smertefritt. Og skulle ein møte på den buktande skapningen, er det viktig å hugse på at ormen er freda i Norge.

For Liseth Solheim på Sandane sin del, hindrar ikkje møtet andre påskedag henne i nye turar i fjellet.

– Eg har allereie gått turar i området, men trøysta er at ormen sikkert er reddare enn oss, smiler ho.

– Ein skal sjølvsagt vere varsam om ein veit ein er allergisk mot gifta, eller om ein har med seg små born eller hund. Vi held iallefall fram med å gå i skogen, men kanskje vi kjem til å vere litt ekstra oppmerksame for kvar vi set beina, avsluttar Liseth Solheim.