Hopp til innhold

Viktig historieminne kan gå tapt, tysk bunkers kan rase saman

Ein tysk bunkers frå andre verdskrig kan snart rase saman. – Dersom ein vil ta vare på det vesle som er att av historie må ein handle no, seier historielagsmedlem Sigbjørn Løland Torpe.

Bunkers på sandtak i Førde

BRATT NED: Bunkersen står på eit sandtak som er regulert for masseuttak.

Foto: Wilhelm Støylen / NRK

Yttarst på eit sandtak i Førde står det ein bunkers frå andre verdskrig. Like under bunkersen driv entreprenør Magne Hafstad og hentar ut stein.

Sigbjørn Løland Torpe, som er med i historielaget i Førde og studerer historie ved Høgskulen i Sogn og Fjordane, meiner det no må taksast grep.

– No må området sikrast før bunkersen rasar ut, seier ein engasjert Sigbjørn Løland Torpe til NRK.no.

(Artikkelen held fram under biletet)

Bunkers på sandtak

SENTRALT: Bunkersen ligg sentrumsnært og med god utsikt i Førde.

Foto: Sigbjørn Løland Torpe

Kommunen og Fylket må ta ansvar

Sigbjørn Løland Torpe er ikkje den einaste som er oppteken av denne saka.

– Eg har registrert fleire som er engasjerte i saka. Dette området var kommandopunkt for Tyskarane i Sogn og Fjordane under andre verdskrig. Bunkersen er eit fysisk minne frå krigen som er viktig å ta vare på for ettertida, seier Torpe.

– Korleis engasjerer du deg for å ta vare på bunkersane?

– Eg håper på å få eit engasjement blant folk. Eg har sendt brev om dette til Fylkesmannen og skal no og sende eit brev til Førde Komune. Eg syns dei bør engasjere seg og ta ansvar.

Fylket har lese brevet frå Torpe og diskuterer saka no. Dei vil gjerne ha ein dialog med kommunen.

(Artikkelen held fram under biletet)

Bunkers i høgda

TUNG SKYTS: Dette var eit tungt væpna anlegg under krigen.

Foto: Sigbjørn Løland Torpe

Motstridane interesser

– Bunkersen er ikkje freda, seier entreprenør Magne Hafstad som grev sand like ved.

Han bryr seg heller ikkje mykje om å ta vare på bunkersen.

– Bunkersen står trygt no, men det gjer ikkje meg noko om den skulle bli borte, seier Magne Hafstad til NRK.no.

Torpe meiner derimot at ein bør sikre sandtaket slik at det ikkje rasar ut.

– Vi bør ta ein prinsipiell diskusjon om kva som er verdt å ta vare på.
Dersom ein v
il ta vare på det vesle vi har av krigshistorie bør vi handle no. Målsetjinga må vere «Aldri meir krig».

(Artikkelen held fram under biletet)

Steinbrot

AKTIVITET: Like nedanfor bunkersen er det eit steinbrot.

Foto: Wilhelm Støylen / NRK

Grunneigar Svein Erik Hafstad seier at han kan fjerne bunkersen når han vil.

– Området er regulert for masseuttak. Bunkersen skal på sikt ikkje stå der, seier Hafstad.

Kommunen følgjer opp

Assisterand rådmann i Førde, Lise Mari Haugen seier at kommunen set pris på initiativet til Torpe.

– Førde kommune vil gjerne ta vare på dette krigsminnet og vil no følgje opp saka, seier Haugen til NRK.no

(Artikkelen held fram under biletet)

Anleggsarbeid

ANLEGGSARBEID: Her hentar entreprenør Magne Hafstad ut stein.

Foto: Wilhelm Støylen / NRK

Vil lage kultursti

Torpe har ein ide for korleis ein best mogleg kan ta vare på krigsminnet.

– Tenk om vi kunne forlengje «Burmavegen», som er ein veg som blei bygd av russiske krigsfangar, fram til Lysthaugen.

Draumen hans er å lage ein «historisk veg» for turgåarar.

– Om vi heng opp informasjon, sikrar bunkersen og ryddar opp i buskvekstar i området kan dette bli rett bra. Det er jo ei veldig flott utsikt frå platået oppå sandtaket, seier Torpe optimistisk.