Hopp til innhold

Kva veg er viktigast?

Kva veg mellom Austlandet og Vestlandet er viktigast? Det skal ei prosjektgruppe i Statens vegvesen finne ut av. Dei skal peike på kva vegar som det bør satsast på framover, og skal vere ferdig med konklusjonen før året er omme. Både E16 over Filefjellet, riksveg 15 over Strynefjellet, riksveg 50 Aurland-Hol og fylkesveg 55 med Sognefjellstunnelane i indre Sogn skal vurderast.