Hopp til innhold

Streiken er avblåst - normal skuledag frå tysdag

Partane i lærarkonflikten er samde om å anbefale ein ny arbeidstidsavtale for lærarane. Det betyr at skulane er i normal drift att frå tysdag morgon.

Sissel Sande og Gunn Marit Haugsbø

FØRDE FRAM: Streiken til fylkesleiar i Utdanningsforbundet Gunn Marit Haugsbø og lokallagsleiar Sissel Sande i Førde, samt nær 8.000 lærarar, har ført fram. Biletet er frå ei streikemarkering i Førde i førre veke. – Først og fremst er vi veldig glade over at lærarane får komme seg tilbake til klasserommet. Så ser også ut til å vere ei løysing som gjer det mogleg å å vere gode lærarar i framtida, seier Haugsbø til NRK.no.

Foto: Stine Kyrkjebø Johansen / NRK

Det stadfestar både Utdanningsforbundet og KS i pressemeldingar måndag morgon.

Over 100.000 elevar ved meir enn 200 skular var råka av streiken til over 8.000 lærarar.

– Ein tøff, men naudsynt streik har ført fram. Vi har klart å halde fleksibiliteten lærarane trengde for å gjere ein god jobb for elevane, seier leiar Ragnhild Lied i Utdanningsforbundet.

Fastlåst situasjon

Trass gjentekne forsøk ved forhandlingsbordet, har forhandlingane vore fastlåst sidan før sommaren. Sidan skulestart har omfanget eskalert.

I Sogn og Fjordane er det berre skulane i Førde som har vore råka.

– I KS har vi følt veldig sterkt på ansvaret for at borna skal få komme på skulen. Det har vore hovudårasaka til at vi har gått endå ei runde for å forsøke å finne ei løysing på konflikta, sier styreleiar i KS, Gunn Marit Helgesen.

Ny uravrøysting

Det sentrale punktet i striden har vore lærarane si arbeidstid. Punktet i den nye arbeidstidsavtalen om at lærarane må godta meir bunden arbeidstid har vore kjernen i striden mellom arbeidsgjevarorganisasjonen KS og fagforeiningane.

No har partane funne ei løysing på dette. Løysinga gir lærarane ein stor siger i form av vetorett når det gjeld spørsmålet om meir bunden arbeidstid.

– Utdanningsforbundet skal så raskt som mogleg gjennomføre ei ny uravrøysting blant medlemmene i KS-området. Dersom avtalen blir godteken er streiken endeleg avslutta. I motsatt fall blir streiken teken opp att, seier Utdanningsforbundet i ei pressemelding.

Frå 1. august 2015

Avtalen som no blir anbefalt av både KS og lærarane sine organisasjonar; Utdanningsforbundet, Skolenes Landsforbund, Norsk Lektorlag og Musikernes Fellesorganisasjon, medfører at heile ansvaret for prosessar og avgjerder om organisering av arbeidstida blir lagt til den enkelte skule og kommune.

Avtalen trer i kraft frå 1. august 2015.

– Akkurat i dag er eg først og fremst glad for at streiken blir avslutta, og at born og unge i morgon endelig kan byrje skuleåret på alvor, sier Helgesen i KS.