Hopp til innhold

Sigrid (18) skuffa over å ikkje kunne gje landslagssjefen den perfekte avskilsgåva

– I dag er eg berre veldig skuffa, seier Sigrid Heien Hansen frå Sandane. To baklengsmål på 24 minuttar la det norske U19-landslaget sin gulldraum i ruinar.

Sigrid Heien Hansen under J19-EM

TAPTE: Sigrid Heien Hansen og dei norske fotballjentene hadde håp om å nå EM-finalen.

Foto: Thomas Brekke Sæteren, NFF

Dei norske fotballjentene vart hakket for små for spanjolane og tapte kveldens semifinale fortent.

Marta Turmo og María Caldentey var spelarane som gjorde at det er Spania, og ikkje Norge, som møter Nederland til finalen søndag kveld.

– Vi hadde så mykje å spele for i dag, og då er det kjedeleg å ikkje prestere frå start. Vi vil veldig gjerne, men vi var ikkje nok på verken i første eller andre omgang. Det må vi vere i ein semifinale, seier ei skuffa Sigrid Heien Hansen.

Hadde ein sjanse

Sandanejenta spelte heile kampen for Norge, og fekk sjølv ein stor moglegheit til å få hol på byllen etter vel timen spelt. Diverre vart vinkelen for skrå og den spanske keeperen fekk redda til hjørnespark.

(Artikkelen held fram under biletet)

Torske og Hallen trøstet jentene

SKUFFA: Landslagstrenar Jarl Torske og fotballpresident Yngve Hallén trøystar dei norske jentene etter 0-2-tapet for Spania.

Foto: Bendiksby, Terje / NTB scanpix

Elles skapte dei norske jentene skuffande lite mot Spania. Oppgjeret var også trenar Jarl Torske sin siste for U19-landslaget.

– Stemninga var ganske låg i garderoben, men vi må berre knipe tennene saman for Jarl Torske og gje han eit skikkeleg avskil no som han blir assistenttrenar på A-landslaget, seier Heien Hansen.

Reiser heim

– Eg er skuffa over at eg ikkje er betre i dag, men like skuffa over at han ikkje får den finaleplassen han fortener, legg 18-åringen til.

Etter at meisterskapen no er over for dei norske jentene, reiser Heien Hansen til Sandane for å roe ned nokre dagar.

– Eg vil reflektere over meisterskapen, og fokusere på det positive. Det har trass alt vore ein god meisterskap, og eg har lært meir enn eg nokon gong har gjort, seier ho.

Markerte seg positivt

Jarl Torske og Marit Breivik fra Olympiatoppen

TRENAR: Jarl Torske (t.v.) leia det norske U19-landslaget for jenter for siste gong. Det blir markert frå jentene i kveld.

Foto: Erlend Aas / Scanpix

Landslagstrenar Jarl Torske seier til NRK.no at sjølv om heile laget er skuffa over at EM-finalen glapp, så har sandanejenta har god grunn til å halde hovudet heva over eigen innsats.

– Ho spelte seg inn i første-elvaren før meisterskapen og har prestert veldig bra for oss dei kampane vi var gode. Ho har markert seg positivt, seier han.

– Kva er styrken hennar?

– Ho har stor arbeidskapasitet, løpskraft, er flink i duellspelet, har blitt rolegare med ballen og set opp medspelarar. Ein terrier på midtbana som samstundes har gode offensive ferdigheiter, legg han til.

Nytt kapittel

Heien Hansen reiser 10. august til Bergen der ho startar eit nytt kapittel i fotballkarrieren . Då startar treningane med toppserielaget Arna Bjørnar. Fram til starten av september skal ho framleis spele kampar for gamleklubben Fortuna Ålesund i 1. divisjon.

– Eg gler meg til dei nye utfordringane som ventar, seier ho. Torske meiner midtbanespelaren gjorde eit rett val å søke betre matching.

– Ho har teke veldige steg det siste året, og det var veldig rett av henne å gå til toppserien og få matching der. Det vil vere ein veldig fin kamparena for Sigrid, seier han og held fram:

U23-landslaget neste

– Ho er veldig haldningssterk og ambisiøs, og kan ha mange flotte år framføre seg på fotballbana. Så vil U23-landslaget vere det neste naturlege steget for henne.

– Så ho er ein spelar vi vil høyre meir ifrå?

– Det er eg heilt sikker på. Så det skal bli veldig spennande å følgje henne i Toppserien etter kvart som ho får etablert seg der.