Hopp til innhold

Lovbrot i barnevernet auka frå tre til nitten på to år

Brot på teieplikta, manglande oppfølging av barn i fosterheimar og fleire alvorlege glipp i sakene.

Barnevern (Illustrasjonsfoto)

AUKE: Fleire kommunar har same lovbrota no som dei har fått kritikk for tidlegare.

Foto: Illustrasjonsfoto / Scanpix

– I yttarste konsekvens vil dette gå ut over barna. Og vert ikkje lovbrota retta opp, vil feilen bli større, seier Line Pedersen Døsen hos fylkesmannen.

Same lovbrota går att

Ove Mjåtveit

UHELDIG: Ove Mjåtveit i Førde kommune seier dei arbeider med å sikre at kvaliteten på tenestene vert god nok. Arkivfoto.

Foto: Oddbjørn Myklebust Opsal / NRK

I fjor fekk fylkesmannen inn 34 saker frå ulike personar som handla om det kommunale barnevernet. I 19 av desse sakene vart det funne fleire alvorlege brot på barnevernslova.

– Vi ser også at fleire kommunar har same lovbrota som vi har gjeve dei kritikk for tidlegare, seier Døsen.

Ho fortel at funna konkret handlar om brot på teieplikta hos tilsette, manglande gjennomføring av tilsyn av barna som er plasserte i fosterheimar og manglande oppfølging av hjelpetiltaka barnevernet har sett i verk.

– Det er svært alvorleg å bryte teieplikta, og fleire av funna våre er alvorlege, seier Døsen.

To på topp

Førde sentrum

FLEST BROT: Barnevernet i Førde er eit av to barnevern med tre lovbrot i fylket.

Foto: Alf Vidar Snæland

Det er Førde og Naustdal som både hadde flest tilsyn og flest lovbrot.

– Vi ser alvorleg på dette, og vil gjerne ha eit barnevern som fungerer. Men vi veit at det er fleire saker vi ikkje har klart å følgje opp skikkeleg, seier rådmann Øyvind Bang Olsen.

I Førde seier leiar for Helse og barn, Ove Mjåtveit at dei er i gong med å følgje opp lovbrota fylkesmannen fann hos dei.

– Alle lovbrot er uheldige, og vi gjer det vi kan for å betre kvaliteten på tenestene våre. Slik sett er Fylkesmannen sine tilsyn ei kjelde til forbetring for oss, seier Mjåtveit.

Fleire har brote lova

Øyvind Bang-Olsen

JOBBAR MED SAKA: Rådmann i Naustdal, Øyvind Bang-Olsen seier dei er klar over svakheita i sitt barnevern, og at det vert arbeidd aktivt for å betre tilbodet. Dei vurderer å tilsetje fleire eller samarbeide med Førde. Arkivfoto.

Foto: Eldgrim Fossheim / NRK

Barnevernet i Vågsøy, Årdal, Sogn og i Aurland og Lærdal hadde alle tilsyn i fjor, og alle hadde to saker med fleire lovbrot.

I fjor vart barnevernslova endra, og det vart lettare for fylkesmannen å påpeike lovbrot. Men med auka krav til det kommunale barnevernet, vert det også større utfordringar for dei å følgje lova, meiner rådmannen i Naustdal.

– Det er krevjande å følgje lova, og vi skulle ønske det kom meir midlar til dette arbeidet saman med lovendringa, seier Bang- Olsen.

Naustdal sentrum sett frå andre sida av fjorden

ALVORLEG: Fylkesmannen avdekkjer stadig fleire lovbrot i barnevernet. Saman med Førde, er det Naustdal kommune som både har flest tilsyn og lovbrot.

Foto: Alf Vidar Snæland