Hopp til innhold

Må klare seg utan bil

Ein bilførar vart måndag kveld stogga i Luster, etter fleire meldingar til politiet om køyring utan gyldig registreringsnummer. Politiet mistenkjer også føraren for ikkje å ha gyldig førarkort, og har inn til vidare kverrsett bilen.