Hopp til innhold

Dette er status i Aurland og Lærdal

Etter ei synfaring i Flåmsdalen og vassdraget ettermiddag, er det avgjort at mange får flytte heim att i morgon. Det kom fram på eit informasjonsmøte for innbyggjarane i kveld.

Informasjonsmøte Aurland

EVAKUERTE: 160 menneske i Aurland kommune er evakuerte etter dei enorme vassmengdene som kom med Flåmselvi.

Foto: NRK

Totalt 160 personar er evakuerte etter den voldsomme flaumen i Aurland. 143 av dei vart evakuerte i går kveld og natt, i områda frå Høgabru til og med Flåm sentrum.

Store vassmengder bygde seg opp ved Høgabru i Flåmsdalen, etter frykt for at ein avlastningstunnel ved ein demning var tett. Det var fare for dambrot og store overfløymingar nedover Flåmsdalen, melde politiet i natt.

Vassføringa er i Flåmsevli er framleis mykje større enn normalt, men vesentleg lågare enn i går kveld og natt.

Men etter ei synfaring i dag, viser det seg at tunnelen på demningen ser ut til å fungere.

– NVE har vurdert at det ikkje representerer noko fare. Det har no blitt vurdert at det ikkje lenger er flaumfare. Politi og andre vil vurdere kven som skal flytte inn i løpet av dagen i morgon, seier ordførar i Aurland, Noralv Distad.

(Artikkelen held fram under biletet)

Informasjonsmøte Aurland

INFORMASJONSMØTE: På møtet i kveld informerte ordføraren om situasjonen.

Foto: NRK

Det er endå noko uklart kor mange som får flytte heim att allereie i morgon.

– Me håpar at rundt halvparten kan flytte inn att i morgon. Men mange hus er skadde, og kor mange som kan flytte inn att blir klart etter vidare undersøkingar i morgon. Det er ein svært krevjande situasjon for mange.

På eit informasjonsmøte klokka 12.00 i morgon vil folk få informasjon om kven som kan flytte tilbake.

Folk nedst i dalen vil få flytte tilbake først, medan folk litt lenger oppe i dalen kanskje må belage seg på å vente noko lenger.

– Ting vil ta tid

Minst ein driftsbygning og tre bustadhus er heilt borte. Dei får aldri flytte heim att til det huset dei ein gong hadde.

Svein Arne Vågane representerer NVE og har vore på folkemøtet i kveld. Han seier mange må vente lenge før dei får kome heim.

– Folk som bur ovanfor området Lunden og oppover i dalen må rekne med at ting tek tid. Vi såg med helikopter. Fleire hus er vekke og nokre hus er undergravne. Du kan ikkje sende folk for å bu i slike hus. Det vil vere uforsvarleg. Så finst det også hus som har skadar som vi ikkje kan seie noko om frå lufta. Men det er omfattande skadar, seier Vågane.

Fleire på folkemøtet lurte på om det var trygt å flytte heim att. Ordføraren har forsikra at liv og helse kjem først. Og det same gjer Vågane.

– Vi kan uansett ikkje sende opp folk dersom vi er i tvil om tryggleiken, seier han.

(Artikkelen held fram under videoen)

Det skjedde så fort

FLÅM: Sjå TV-sak frå Vestlandsrevyen. Reporter Vidar Gudvangen.

Store skader på vegar og bruer

Det vil også ta tid med infrastrukturen, seier Vågane i NVE.

– To bruer er heilt vekke, ei bru er så øydelagd at ein ikkje kan køyre på ho.

Det er trygt å flytte tilbake fleire stader, men det finst ikkje opne vegar fram dit. Øydeleggingane på vegar, bruer og infrastruktur er svært store. Dei ansvarlege etatane vil byrje å jobbe med vegane så snart det er dagslys.

– Dei store skadane på infrastruktur og eigedomar er eit stort problem. Arbeidet vil ta veker og månader, seier ordførar Distad.

I bygda Underdalen, som vart totalt isolert, vart ingen hus skadde. Men vegen har store skader, og dette vil ta lang tid å ordne.

Vatn og straum fungerer i Flåm sentrum. Hovudvassforsyninga til Aurlandsvangen er broten, og innbyggjarane må spare på vatnet. Folk i Underdalen kan ta kontakt med dei som har private brønnar for å få tak i vatn. Det er påbod om å koke vatn i Aurland kommune.

Vassmengdene har ført til omfattande skadar på Flåmsbana, melder jernbaneverket. Full oversikt over situasjonen får dei ikkje før nærmare undersøkingar er gjennomførte.

– Utruleg at det skjer her igjen

I Lærdal har 23 av total 31 evakuerte fått flytta heim.

For åtte personar har skadane på husa altså vore så omfattande at endå må overnatte på sjukeheim, slik enkelte av dei har gjort, eller hjå familie eller vener, slik andre har gjort.

Ein familie har fått sopass omfattande skader på huset at dei ikkje kan flytte heim på ei stund, seier ordføraren.

Vegane til busetnaden er no open. I Vindedalen er berre eit køyrefelt ope, etter at det har blitt laga ei omkøyring. Alle husstandane har straum.

Verre er det med andre vegar.

– Vegane inn til enkelte sidedalar, der det mellom anna ligg kraftverk, er meir alvorleg skadde, seier ordførar Jan Geir Solheim.

Det gjenstår difor mykje arbeid med vegane fleire stader i kommunen. Også med sjølve elvane må mykje arbeid gjerast. For store masser har samla seg, som må fjernast.

Solheim tykkjer det er ufatteleg at Lærdal nok ein gong hamna i ein krisesituasjon.

– Det kjennest heilt utruleg. Det har kome med så tette mellomrom. Igjen er det unikt med den fantastiske innsatsen frå folk, og at ingen menneskeliv har gått tapt.