Hopp til innhold

Mange trafikkontrollar.

Politiet har i dag hatt trafikkontrollar i Måløy, Selje, Stryn, Høyanger og to gonger i Aurland. I Stryn måtte fire personar betale for manglande bilbelte, og ein for manglande sikring av barn under 15 år. Elles hadde alle alt på stell, alle stader.