Hopp til innhold

Mangla belte - fekk gebyr

UP har kontrollert bilistar i Hafstadvegen i Førde i ettermiddag. Dei skreiv ut åtte vernegebyr for manglande bilbelte eller hjelm, samt at seks bilistar fekk kvar sitt forenkla førelegg for å ha snakka i handhalden mobil medan dei køyrde bil. På Vassenden i Jølster vart éin bilist bøtelagd for å ha snakka i handhalden mobiltelefon.