Hopp til innhold

Mann døydde under rutineoperasjon - Statens Helsetilsyn skal granske saka

Statens helsetilsyn skal granske kva som skjedde då ein mann i byrjinga av 60-åra døydde under ein rutineoperasjon ved Førde sentralsjukehus.

Førde sentralsjukehus

OPERASJON: Statens helsetilsyn skal undersøkje kva som skjedd då ein mann i 60-åra døydde under ein rutineoperasjon på Førde Sentralsjukehus.

Foto: Geir Bjarte Hjetland / NRK

– Operasjonen utarta seg i uheldig lei, og etter kvart oppstod det ein ganske krevjande og uhandterleg situasjon for kirurgane, der resultatet til slutt vart eit dødsfall, fortel fagdirektør i Helse Førde, Mads Rekve.

Dødsfallet skjedde i byrjinga av august, under ein rutineoperasjon. Då dei uventa komplikasjonane oppstod vart det også henta inn ein spesialkirurg frå Ålesund, men ein klarte ikkje å redde livet til mannen.

– Det vart gjort ein iherdig innsats, fortel Rekve.

Statens helsetilsyn granskar hendinga

Dødsfallet er rapportert inn som ei avviksmelding og meldt inn til Statens helsetilsyn.

– Dei er rutinemessig varsla, og er no i gang med å undersøkje saka. Frå vår side ser det ut til at situasjonen vart handtert på ein veldig god måte. Vi forventar at Helsetilsynet gjer sine undersøkingar og kjem med sine konklusjonar, seier Rekve.

Han seier at granskinga frå Helsetilsynet er vanleg rutine, og blir gjort for å avdekke om det har skjedd noko kritikkverdig, og om det er noko ein kan ta lærdom av.

– Dei vil intervjue kirurgane og dei som var med på operasjonen og gå gjennom journalar, seier Rekve.

Helse Førde har også vore i kontakt med pårørande for å orientere om saksgong og vidare hendingsgang i saka.