Hopp til innhold

Mann i 30-åra uskadd etter utforkøyring

Ein mann i 30-åra kom uskadd frå det då bilen han køyrde hamna utfor vegen på fylkesveg 55 ved Flahamar, mellom Høyheimsvik og Luster.

Enda utfor vegen

USKADD: Mannen i 30-åra var uskadd etter at bilen han køyrde, hamna utfor vegen på fylkesveg 55.

Foto: Tage Skjaak Moen / NRK

– Vi fekk melding om ei utforkøyring like etter klokka 16, seier operasjonsleiar ved Sogn og Fjordane politidistrikt, Kjetil Drange.

Då politiet kom til staden, fann dei bilen tom, og frykta for kva som kunne ha hendt med sjåføren. Heldigvis synte det seg å ikkje vere dramatisk.

– Mannen var køyrd heim til familien, og det er ikkje mistanke om promillekøyring, seier Drange.

Mannen var på veg frå Gaupne mot Luster då uhellet skjedde. Det er uvisst kva som er årsak til uhellet.

– Bilen har fått noko skade, men mannen skal ha det bra. Det vil ikkje bli oppretta sak på forholdet, seier Drange.