Hopp til innhold

Mykje kyr i vegbana

Bønder i området ber bilistar på fylkesveg 614 i Bremanger vere obs i ettermiddag. Mellom Myklebustsetra og Ålfoten er det venta mange kyr mellom klokka 1615 og 1715 når dei skal ha kyrne heim. Skal ein med ferja frå Isane, kan det vere lurt å rekne god tid.