Hopp til innhold

Navarsete fekk bot

Tidlegare Senterparti-leiar Liv Signe Navarsete fekk 6.000 kroner i bot etter eit trafikkuhell i Lærdal i mars i fjor. Påtalemakta skriv i førelegget at Navarsete ikkje var merksam nok då bilen framføre henne stogga. Den tidlegare samferdsle- og kommunalministeren rakk ikkje å bremse i tide og trefte bilen framføre seg. Paret i bilen fekk smerte i nakken etter uhellet. Sjølv var Navarsete ein periode sjukmeld etter uhellet.