Hopp til innhold

Ønskjer meir bandtvang

Gloppen sau- og geit ynskjer å utvide bandtvangsperioden i kommunen. Årsaka er at mykje av småfeet ikkje er kome i hus til 20. august, som er tida bandtvangen tek slutt. Laget trur dette kan vere med og sikre at småfe kjem i fjøs utan å verte skadelidande av lause hundar på beitemarka. I eit brev til kommunen søkjer dei om at perioden blir frå 1. april til 1. november.