Hopp til innhold

Polaris skal kutte millionar

Mediekonsernet Polaris som eig Fjordenes Tidende og Fjordingen skal kutte millionar. Det skriv fagbladet Journalisten. Dei neste to åra skal dei kutte 260 millionar. Sidan 2009 har dei fjerna 200 årsverk, det er venta at dette innsparingsprogrammet blir like stort eller større. Det er ikkje sagt noko om kor mykje lokalavisene i Nordfjord må kutte.