Hopp til innhold

Skal diskutere samhandling i krisar: Men dei som skal samarbeide er ikkje til stades

Politiet i Sogn og Fjordane klarte ikkje å møte med ein einaste representant på beredskapskonferansen, til trass for at hovudtema var hendingar og kriser der politiet har vore sentrale i beredskapen.

Montasje brannar og helseberedskapskonferanse

SAMHANDLING: Deltakarane på konferansen skulle mellom anna diskutere samhandling under store kriser. Men mange av dei som skal samhandle, var ikkje til stades.

Foto: NRK

Dei to siste dagane har 150 menneske vore samla for å diskutere dei store hendingane og krisane i fylket det siste året. Politiet i Sogn Fjordane skulle vore der og halde eit innlegg, melde forfall.

Politimeister Ronny Iden seier det skuldast mange møte.

– No kjenner ikkje eg detaljane i den kommunikasjonen som har vore mellom oss og møtearrangøren. Men kort fortalt har møtekollisjonar gjort at dette har vore vanskeleg å få til, seier politimeister Ronny Iden.

Kunne ikkje møte

150 beredskapstoppar frå helsevesenet, fylkesmannen, fylkeskommunar og kommunar var samla på Helsedirektoratet sin årlege, nasjonale helseberedskapskonferanse, som vart arrangert i Loen.

Ifølgje Helsedirektoratet er temaet for konferansen i år «samhandling og samvirke på lokalt nivå under hendelser og kriser», både innanfor helsevesenet og på tvers av sektorar.

Og det har vore nok av store hendingar i Sogn og Fjordane det siste året. Blant hovudtemaa på konferansen var brannen i Gudvangatunnelen, trippeldrapet i Årdal, og storbrannen i Lærdal.

Målet har vore å hauste erfaringar, lære og finne ut av kva som kunne vore gjort annleis ved desse hendingane. Politiet har stått sentralt i beredskapen.

Og politiet i Sogn og Fjordane skulle vore på konferansen med ein representant, som også skulle halde eit innlegg. Men representanten kunne ikkje møte, og melde forfall.

Vedgår at dei burde vore til stades

Ronny Iden

POLITIMEISTER RONNY IDEN: Her under ein pressekonferanse same kvelden som trippeldrapet i Årdal skjedde.

Foto: Truls Kleiven / NRK

Ein representant frå Politidirektoratet var til stades. Ingmar Farstad, som er stabssjef ved Sunnmøre Politidistrikt, steppa inn som vara for Sogn og Fjordane-representanten.

Politimeister Ronny Iden vedgår at politiet i Sogn og Fjordane burde vore til stades.

– Ja, det er klart at dette er ei viktig læringsplattform, og læringsplattformer bør vi vere til stades på. Både for at vi sjølve skal læra, men også fordi vi har noko å bidra med. Eigentleg bør vi vere til stades på slike arenaer. Men denne gongen fekk vi det ikkje til.

– Fekk det ikkje til seier du: Kunne ikkje nokon andre frå politiet i Sogn og Fjordane møtt opp og fpr å halde eit innlegg på denne konferansen?

– Det skal ikkje eg ha sagt noko om. Nærmare detaljdialog som har vore i denne saka kjenner eg ikkje til, seier Iden, og legg til:

– Når det er sagt har vi sjølvsagt diskutert desse sakene i mange forum og møter tidlegare, slik at det er sagt. Dette er ikkje den einaste plattforma der dette har vore tema.

– For mykje etat for etat i samfunnet

Temaet for konferansen er altså samhandling og samvirke under hendingar og kriser, også på tvers av sektorar.

NRK sin reporter som har følgt konferansen tett seier at mange som var på konferansen reagerte på at politiet ikkje var til stades. Men også andre naturlege samarbeidspartnarar og samhandlingspartnarar glimra med sitt fråvær. Blant desse var Direktoratet for samfunnstryggleik og beredskap, og representantar frå frivillige hjelpemannskap.

Anne Karin Hamre

ANNE KARIN HAMRE: Fylkesmannen under sitt innlegg på konferansen.

Foto: Eldgrim Fossheim / NRK

– Me køyrer for mykje etat for etat i samfunnet vårt, og så glepp me på samhandling, seier fylkesmann Anne Karin Hamre.

Fylkesmannen i Sogn og Fjordane seier at samhandling er vanskeleg, men heilt avgjerande

Hamre er difor glad for at mange av kommunane har stilt spørsmål om kvifor politiet, brann og frivillige er dårleg representert, når ein skal snakke om samhandling i krisesituasjonar.

Lovar å prøve å samle etatane

Glad er også Cecilie Daae, medarrangør og assisterande helsedirektør i Helsedirektoratet.

– Eg er glad for at dette blei etterspurd. Eg har sagt at vi skal gjere noko med dette neste år, og det skal vi, seier Daae.

– Korleis? Betyr det at Helsedirektoratet, Direktoratet for samfunnstryggleik og beredskap og Politidirektoratet lagar ein felles konferanse?

– Eg tykkjer i alle fall det var ein openbart god ide som kom opp her på konferansen. Vi skal ta initiativ til ei drøfting. Vi er avhengig av tema som er relevante for alle. Terrortrugselen denne sumaren er eit godt eksempel på det.