Hopp til innhold

Rekordvêret fører til fleire oppdrag enn vanleg for redningshelikoptera

Rekordvêret i sommar har ført til fleire redningsoppdrag for både luftambulansen og 330-skvadronen.

Redningshelikopter frå 330-skvadronen

MEIR Å GJERA: 330-skvadronen har hatt meir å gjera i sommar enn i fjor sommar.

Foto: Kleiven, Paul / NTB scanpix

I sommar har luftambulansen i Førde rykt ut 20 prosent oftare enn i 2012. For dei fire basane som flyr mest på fjellet, Ål, Dombås Bergen og Førde, har aktiviteten auka med 13 prosent.

Fint vêr = mange oppdrag

Kjell Naustdal

REDNINGSMANN: Kjell Naustdal er redningsmann på luftambulansen i Førde.

Foto: Åge Andre Breivik

– Aktiviteten heng saman med vêret ute. Er det dårleg vêr så er folk inne, og om det er fint vêr er fleire folk ute. Då aukar oppdragsmengda, det er ein naturleg konsekvens, seier Kjell Naustdal, redningsmann på luftambulansen i Førde.

Ankelskadar, beinbrot, folk som trakkar over, slike ting er mykje av det oppdraga handlar om på sommaren.

På Hovudredningssentralen i Sør-Norge (HRS) på Sola ringer telefonen konstant. Det er dei som har ansvar for søk og redningsoppdrag i Sør-Norge. Sidan 1. april i år har dei hatt 10 prosent fleire oppdrag enn same periode i fjor.

– Det fine vêret har sjølvsagt ein innverknad på dette. Folk er meir ute og i båt, og det gjer at det blir mykje meir aktivitet. Det er noko heile tida, seier Ben Vikøren hjå HRS.

Om det fine vêret held fram, så trur han dei kjem til å passera bortimot 6000 oppdrag i år.

– Det er så vidt det går rundt. Me er to mann på vakt, men me burde vore tre. Me er like mange her no som det var i 1985, då det var 1000 hendingar i året, seier han.

Godt besøkte hytter

Marino Ask

TURLAGSLEIAR: Marino Ask

Foto: Privat

Tal frå turistforeininga syner at det aldri har vore så mange i fjellet. På dei betente turisthyttene til Den Norske Turistforening (DNT) har dei hatt ti prosent fleire besøkjande i juni i år enn juni i fjor. Juli ser ut til å bli endå betre.

– Det er veldig mange som reiser til fjell når temperaturen er rundt 30 grader i låglandet. Då er det flott å koma seg opp i fjellheimen, seier Marino Ask, leiar i Sogn og Fjordane turlag.

(Artikkelen held fram under TV-spelaren)

Redningshelikoptra har hatt ein travel sommar. Mykje godvêr har lokka fleire enn vanleg ut på tur.

SJÅ TV-REPORTASJE: Her blir Ole Johannes berga. Travel sommar for redningshelikoptera.

– Lær deg utstyret

På luftambulansebasen i Førde trur dei mange oppdrag kunne vore unngått dersom folk var betre førebudde før dei la ut på tur.

– Mange er ikkje så godt vande i fjellet, og skal gjerne prøve ein «once in a lifetime»-tur. Så har dei kanskje veldig mykje nytt utstyr som dei ikkje har prøvd ut skikkeleg, som nye fjellsko til dømes, noko som resulterer i gnagsår og utmatting, seier redningsmann Kjell Naustdal.

–Dei burde planlegga litt meir på førehand og læra seg utstyret sitt skikkeleg, seier han.

Luftambulansen i Førde

LUFTAMBULANSEN I FØRDE: F.v. hospitant Lina Kristine T. Vatshelle, redningsmann Kjell Naustdal, lege Clarence Johnpillai og pilot Bent Næss

Foto: Torbjørn Selseng / NRK