Hopp til innhold

Nedbøren aukar på igjen til helga – kan gi ny overfløyming og meir utgraving

Aukande nedbør i helga vil kunne føre til lokale overfløymingar og utgraving langs elver og bekkar.

Verradaren til yr.no syner at det blir vått i helga

DET BLIR VÅTT: Vêrvarslinga på Vestlandet ventar store nedbørsmengder i helga. Det er noko NVE tek på alvor.

Foto: yr.no

– Temperaturen er venta å stige utover fredagen og spesielt i helga. Det fører i kombinasjon med meir nedbør til ytterlegare snøsmelting. Så det er meir vêr på veg, for å seie det slik, seier statsmeteorolog Aslaug Skålevik Valved til NRK.no.

Det er berre nokre dagar sidan Vestlandet vart råka av dei enorme nedbørsmengdene, som førte til flaum og store skader.

Kan gi overfløymingar og flaum

Norges vassdrags- og energidirektorat sender torsdag føremiddag ut varsel om flaum på gult nivå på grunn av meir regn på Vestlandet.

NVE melder at den aukande nedbøren vil kunne føre til lokale overfløymingar og utgraving langs elver og bekkar.

– Vassdrag som var flaumstore tidlegare denne veka er spesielt utsett. Det er ikkje venta flaumvassføringar i dei store elvene, skriv NVE på varsom.no.

– Fredag blir det meir regn utover ettermiddagen. Laurdag er det venta lokalt mykje nedbør. Og det blir mykje mildvêr og mykje regn i helga. I tillegg er det venta litt vind, seier Valved.

(Artikkelen held fram under biletet)

Breimsvatnet har svært høg vasstand. Reed Camping og Fritid står onsdag under vatn.

FLAUM: Det er ikkje venta like stor vassføring som på tysdag denne gongen – her er ein video frå Reed Camping.

Er venta opp mot 40 millimeter regn

Ifølgje Vervarslinga på Vestlandet vil nedbørsmengdene på langt nær vere like store som dei siste dagane. Frå fredag kveld til laurdag kveld kan det komme mellom 30 og 40 millimeter. Søndag er det venta opp mot 30 millimeter nedbør.

Det er ikkje veldig mykje samanlikna med dei nesten 130 millimetrane som kom på det meste frå måndag til tysdag. Likevel vil nedbøren kunne medføre problem på grunn av den høge vassmettinga i jorda etter alt regnet den siste tida.

– Vassføringa i elvene er no under flaumnivå dei aller fleste stader, men vasstand og vassføring ut av større innsjøar er framleis høg. Dette gjeld til dømes sjøane Viksvatnet, Vangsvatnet, Hornindalsvatnet og Jølstravatnet, skriv NVE.