Hopp til innhold

Sjå bilete før og etter flaumen i Undredal

Hundre personar er isolerte i den vesle bygda Undredal i Aurland. Innbyggjarane er utan vatn og dei må truleg klare seg utan veg ein månad.

Undredal før og etter

UNDREDAL FØR OG ETTER: Dette biletet nedanfor skulen viser kor store øydeleggingane er etter flaumen i Undredal. Til høgre eit bilete frå ein konfirmasjon i 2011.

Foto: Anna Karine Marstein

Dei har opplevd strie tørnar før og veit kva for krefter som gøymer seg i naturen. Om vintrane går det ofte ras som stengjer bygda inne. Men synet som møtte dei tysdag kveld var ingen budde på.

– Eg stod i kjøkenglaset og såg vatnet komme i mot meg. Det var heilt utruleg, eg hadde aldri tenkt at det var mogleg, seier Anna Karine Marstein, som bur i bygda der ho mellom anna driv eit ysteri.

Då mannen hennar gjekk ut for å rydde veg til vatnet med traktoren, tok ho med seg mobilkameraet for å filme. Resultatet kan du sjå under.

Ein bonde prøver å styre vassmassane tilbak til elva i Undredal.

MAKTESLAUS KAMP: Anne Karine Marstein filma mannen i det han forsøkte å leie flaumvatnet tilbake i elva med traktoren.

Vassmangel skapar problem

Trass utfordringane er stemninga i bygda god.

– Vi har ingen hus som er teke av flaumen eller som står på vippen. Så vi har ikkje det dramaet som dei har i Flåm. Det gjer at vi skjønar at det finst verre ting enn det vi strevar med, seier Marstein.

Likevel, det er meir enn nok av praktiske utfordringar.

– Dei fleste er utan vatn, det er nok det verste ein strevar med akkurat no. Vi har gard og eiga vassforsyning. Det er det to-tre andre som har òg. Men elles har ikkje folk vatn, seier Marstein og fortel om folk som går ned til fjorden med bøtter for å få vatn til matlaging og skylling av toalettet.

Ho seier kommunen var raskt ute med å ordne båtskyss til dei som treng å komme seg til jobb og skule.

– I tillegg var det litt hell i uhell at fem bilar var ståande på framsida av raset. Så dei kan kome seg ut i omverda, seier Marstein.

(Artikkelen held fram under biletet)

Innbyggjarane i Undredal må må ta båt til jobb og skule

FJORDVEGEN: Kommunen har sett inn båt slik at innbyggjarane i Undredal kan komme seg til jobb og skule. Her frå onsdag morgon.

Foto: Anna Karine Marstein

Vêrmeldinga skapar uro

Vatnet har øydelagt mykje, men bygda har framleis både straum og internett, i tillegg til båtsamband med omverda.

– Det er det som gjer at livet går sin gong, trass alt, seier Marstein.

Flaumen har styrka samhaldet i bygda og folk hjelper kvarandre så godt som råd. Dei fleste tek situasjonen med fatning.

– Det å vere ei veglaus bygd, det er noko dei fleste her har opplevd før. Det er berre slik det er og det går ganske greitt å lite på fjorden. Men det uroar oss meir om det skulle skje noko med dei eldre, seier Marstein.

Ei anna uro er korleis vêret vil utvikle seg dei komande dagane. Meldingane ser ikkje alt for lovande ut.

– No når det er meldt nedbør igjen er vi sjølvsagt uroa for om det kan fare meir langs elva. Elva blir mindre, men vatnet har verkeleg greve ut utruleg mykje både veg og dyrka mark, så vatnet har enkel tilgang til å øydelegge meir, seier Marstein.

Veg vekke i Underdal

BORTE VEKK: Det kan ta ein månad før vegen er i køyrbar stand etter flaumen. (Foto: Daniel Underdal)