Hopp til innhold

Skadd då anleggsmaskin velta

Ein mann vart i ettermiddag skadd då ei anleggsmaskin velta rundt på sida på eit veganlegg på E39 i Årbergsdalen i Gaular. Uhellet skjedde om lag klokka 15, opplyser politiet. Mannen vart køyrt til Førde sentralsjukehus, men skal ikkje vere alvorleg skadd.