Hopp til innhold

Skadeverk på bilar

Politiet har fått melding om skadeverk på to bilar. Den eine står på Havreneset i Florø. Her er eit sidevindauge knust og det er bulkar i bilen etter spark. I Førde har ein bil på Hafstad fått knust frontruta og vindaugeviskarane er vekke. Det har ikkje vore folk inne i dei to bilane. Begge forholda blir meldt til politiet.