Hopp til innhold

Ein eventyrleg start på hjortejakta

Fleire stader på Vestlandet blir det meldt om ein eventyrleg start på hjortejakta. I Frislid i Eid kommune har dei alt skote 13 dyr.

Dei kaller det tidenes jaktstart.
Eit jaktlag i Norfjord starta hjortejakta i går - og aldri før har dei skote så mange dyr på så kort tid.

REKORDSTART: På Frislid i Eid har jaktlaget så langt felt 13 dyr.

! september gjekk startskotet for årets hjortejakt, og tusenvis av jegerar har alt lagt ut for å sikre seg eitt eller fleire dyr. Slik er det også på Frislid i Heggjabygda i Eid kommune.

NRK fekk vere med jaktlaget ut i dag, og kort tid etter at vi kom til staden kom meldinga over jaktradioen. Nok ein er skoten og ligg klar til henting.

Ei pangopning for jaktlaget

– Tre kvarter sidan den datt. Eg hadde ikkje tenkt meg på jakt i dag, men når vi då får dyr, så må jo hjelpast åt og få dette ned. Så no er eg komen på jakt likevel, fortel Kolbjørn Frislid til NRK.

For det ivrige jaktlaget har kome svært godt i gang med jakta. På to døgn har dei felt i alt 13 dyr, ein start dei knapt har sett maken til. Det var Fjordabladet som først fortalde om den utrulege jaktopninga.

– Beste starten på jakta

– Dette har vore den beste starten på hjortejakta i Frislid så lenge eg har vore med, og det var i 1968. Vi var samde om det at vi ikkje skulle skyte kolle i dag, og det første eg såg då eg sette meg på post var ei kolle som eg kunne skote tvert, fortel den erfaren jegeren Kaspar Hjelle og ler.

Jegerane trur god forvaltninga av hjortestammen er noko av forklaringa. Fleire jaktlag NRK har snakka med fortel om ein god start på årets hjortejakt.

Send oss dine hjortebilete!

Vi i NRK vil svært gjerne at du deler dine bilete eller videoar frå årets hjortejakt med oss og lesarane. Slik gjer du det:

  • Merk bileta dine med #nrksf på Instagram hamnar dei på kartet vårt.
  • Eller du kan sende biletet på epost til sf@nrk.no
Laster innhold, vennligst vent..
Instagram Sogn og Fjordane