Hopp til innhold

Slik samarbeider dei på tvers av grensene

Kommunane i sørlege deler av Sogn og nordlege deler av Hordaland har eit tett samarbeid. Dette vil bli endå betre om fylkesgrensene forsvinn, meiner sentral politikar.

samarbeid

Skule, helse og næring er stikkorda for samarbeid på tvers av fylkesgrensa mellom Hordaland og Sogn og Fjordane.

I det interaktive kartet kan du sjå nokon av dei felta dei ulike kommunane samarbeider om.

I Gulen talar no fleire og fleire for ei oppmjuking av fylkesgrensene. Seinast i går gjekk ordførar Hallvard Oppedal (Sp) ut sa at ein større region vil vere betre for dei enn dagens fylkesordning.

– For Gulen sin del så hadde det vore ein fordel med større regionar. Grensa kjem jo ein plass då også, men vi hadde sett veldig fram til det. Det er jo veldig naturleg for oss å samarbeide, sa Oppedal i går.

Viktige tenester mot sør

Fylkesleiar i Høgre og varaordførar i Gulen, Arve Mjømen, er godt nøgd med at ordføraren no støttar ein tanke Høgre har hatt lenge.

Arve Mjømen

POSITIV TIL NYE GRENSER: Arve Mjømen (H).

Foto: Høgre

– Eg må seie at det er gledeleg å høyre. Det er klart vi slit med den geografiske inndelinga som er i dag. Vi har jo dei viktigaste tenestene mot sør, og då tenkjer eg både på vidaregåande skule, Helse Bergen og ikkje minst felles helsehus som skal byggjast i Knarvik, seier Mjømen til NRK.

– Fylkesgrensa passar ikkje

Han peikar særleg på Gulen og nabokommunane som ein felles bu- og arbeidsmarknad, med Mongstad som lokomotivet.

Dette har igjen gjeve ringverknader for Gulen med storstila utbygging i Sløvåg og Skipavika.

– Det er klart at vi slit med ei fylkesgrense som ikkje heilt passar. Det er bra om vi i fellesskap kan jobbe med dette som er til felles beste, seier Mjømen.

Tykkjer det er for tidleg

Fylkesordførar i Sogn og Fjordane, Åshild Kjelsnes, er ikkje innstilt på å ta debatten om fylkesgrensene no - og ei etablering av eit eventuelt regionnivå i staden for fylka slik dei er i dag.

– Eg meiner det er alt for lite fokus på kva som skal vere på dei ulike nivåa. Før ein har lagt det meir tydeleg fast, så er det eigentleg litt prematurt å snakke om kva som er den rette fasiten med grensene, meiner Kjelsnes.