Hopp til innhold

Spaserte inn til NM-gull

JESSHEIM (NRK.no): Merete Helgheim tok oppskriftsmessig det første gullet heim til Sogn og Fjordane på 3000 meter kappgang.

Merete Helgheim går inn til gull i NM

GULL: Merete Helgheim på veg inn til sitt andre NM-gull.

Foto: Rune Fossum / NRK

– Eg hadde håpa på nokre sekund betre. Men det var vel greitt nok, så lenge eg fekk gullet, seier Helgheim.

Kappgjengaren frå Gloppen var i ein eigen klasse på 3000-meteren i NM. No har ho teke to NM-gull på rad - etter å ha starta med kappgang så seint som i 2010.

– Det går mest på motbakkeløp og springing for meg. Så kjem kappgang i tillegg, seier Helgheim.

Ho tok gullet på tida 14.17,5. Sølvet gjekk til Josefin Greiff frå Tønsberg på 15.49,75.

– Det var berre fire deltakarar med...?

– Ja. Det har vore dårleg rekruttering siste åra. Men no er det positivt. Dette er faktisk betre enn i fjor, seier ho.

Merete Helgheim tek gull i NM kappgang 2014.