Hopp til innhold

Stakk av få uhell - mista lappen

Ein bilførar vart onsdag kveld fråteken førarkortet etter å ha stukke av frå ein kollisjon i Florø, før naudetatane kom til staden. Politiet fekk melding om trafikkuhell klokka 22.24. Ein bil hadde fått store materielle skader, men førar var uskadd og hadde køyrt vidare frå ulykkesstaden i sentrum. Som følgje av dette fekk føraren kverrsett førarkortet, og saka blir no etterforska av politiet. Det er ikkje mistanke rusa køyring.