Hopp til innhold

Stal telefonar for over 400.000

Verdien av mobiltelefonane som natt til måndag vart stolne frå Telenor-butikken på Elvetorget i Førde er på over 400.000 kroner. Det opplyser Magne Faleide ved Førde og Naustdal lensmannskontor. Tidlegare har det vore kjent at verdien var over 100.000 kroner. Tjuvane hadde truleg gøymt seg inne på senteret og venta til etter stengetid før dei slo til.