Hopp til innhold

Starta Facebook-aksjon for hengjebru - no vert brua fiksa

Då hengjebrua over Jølstra vart stengd på grunn av at ho ikkje var trygg å bruke, var mange turgåarar fortvila. Men no er arbeidet med fikse brua i gang. Går alt etter planen, opnar brua 1. desember.

Tove, Sissel og Margunn

GLER SEG: Tove Lill Reiakvam, Sissel Bruland Gurvin og Margunn S. Vallestad.

Foto: Heidi Lise Bakke / NRK

– Det er heilt fantastisk, jublar Sissel Bruland Gurvin i Førde.

Ho bur like ved brua og har brukt den flittig sidan ho var lita. Både ho og venninnene Tove Lill Reiakvam og Margunn S. Vallestad er glade for at saka no har fått ei løysing.

I snart to år har brua vore stengd fordi ho var vurdert for for farleg å bruke. Kommunen stengde brua fysisk og sette opp skilt som synte at brua var stengd.

Gurvin engasjerte seg sterkt i saka og kontakta først Førde kommune, men dei hadde ikkje midlar til å ruste opp brua. Så kontakta ho fleire firma for å få med seg folk på dugnad, noko ho lukkast med. Men då sette kommunen ned foten.

Oppretta Facebook-gruppe

Gurvin oppretta Facebook-gruppa «Vi som vil behalde gangbru mellom Soleide og Sunde/Bruland», som fekk stor respons. Men det var først då ho kontakta leiaren av Førde Idrettslag at saka fekk fart på seg.

Hengjebrua er del av ei populær trimløype, og dei siste to åra har ein ved fleire høve fått dispensasjon for å nytte brua både til trimløp, og også ulike arrangement i skulesamanheng.

Men det har vore eit klart sakn å kunne nytte brua til daglege turar for folk i Førde.

– Vi kunne ønskje at kommunen tek litt større ansvar for at det blir tilrettelagt for trim, seier Reiakvam, som har hatt brua som del av si faste trimløype.

– Eg vil no sei at denne runden her har mykje meir å seie for helsa til folk i Førde enn Bystien, legg Gurvin til.

(Artikkelen held fram under videoen)

I samband med at det er 100 år sidan Brulandsfossen kraftverk vart bygd, sponsar Sunnfjord Energi ny bru til kommunen.

VIDEO: Hengebrua blir snart opna att. Foto/red: Heidi Lise Bakke

–Ha ein fin tur

20. oktober vart det starta med betongarbeid på brua. Planen er å nytte delar av den gamle brua, men støype nytt brufeste på begge sider av elva.

Hengebrua

STENGT: Hengebrua over Jølstra blir renovert, men opnar snart for fri ferdsel.

Foto: Heidi Lise Bakke / NRK

Dermed blir det på nytt trygt å forsere Jølstra via hengjebrua på Vie.

Kommunalsjef i Førde, Trond Ueland, er glad for at dei endeleg har fått byrje å bygge på brua.

Velvilje og sponsorkroner frå lokale firma gjer til at jobben let seg gjere.

I tillegg til å ruste opp brua, skal Førde kommune lage lettare tilkomst til brua frå Soleidesida tilpassa barnevogn.

Kommunen håpar på at brua blir ferdig til 1. desember.