Hopp til innhold

Stort luseproblem

Fiskeselskapet Sulefisk valde i sommar å slakte ned store mengder laks med lakselus. Dagleg leiar i selskapet, Michael Niesar, seier det vart gjort for å få slutt på laksen sine lidingar, og at det ikkje var etter pålegg frå Mattilsynet. Selskapet har hatt store utfordringar med lakselus i år, og Niesar har enno ikkje oversikt over kor mykje nedslaktinga vil koste selskapet.