Hopp til innhold

Til lege etter møte med hjort

To hjortar vart i 22.30-tida tysdag kveld påkøyrde på riksveg 15 ved Holmøyane i Stryn kommune. To bilar var involvert, og dei som var i bilane vart sjekka av helsepersonell etter samanstøytane. Bilane fekk materielle skader, men etter det politiet kjenner til skal det ikkje ha vore personskade.