Hopp til innhold

Tre mista førarkortet

Tre personar er fråtekne førarkorta sine etter ein fartskontroll i 60-sonea på E39 ved Øyrane mellom Nordfjordeid og Lotetunnelen. Høgaste fart vart målt til 120 kilometer i timen. I tillegg fekk tre personar forenkla førelegg, der høgaste fart blant desse var 84 kilometer i timen.