Hopp til innhold

Tyske turistar stod fast i fjellet

Mannskap frå Røde Kors måtte torsdag kveld hente ned to tyske turistar som hadde gått seg fast i Hyllestad.

Gygrekjeften

– Det er snakk ein mann og ei dame. Dei sit i 500 meters høgde, opplyste operasjonsleiar Per Rimmen ved Sogn og Fjordane politidistrikt til NRK.no klokka 18.50.

Dei to hadde gått seg skorfaste i nærleiken av Gygrekjeften i Hyllestad.

Ifølgje politiet var dei i god form og stod på ein trygg stad. Men dei dei kom seg verken opp eller ned på eigahand.

Mannskap frå Hyllestad Røde Kors hjelpekorps vart kalla ut. å veg til fots for å hjelpe dei to turistane trygt ned frå fjellet.

Klokka 19:10 fekk fekk to personar får Røde Kors geleida turistane inn på ein stud og sett dei i marsj ned frå fjellet. Det er lavt skydekke i området.