Hopp til innhold

Uregistrert bil tok fyr

Brannvesenet i Gulen rykte i ettermiddag etter melding om bilbrann på Ytre Takle. – Det er snakk om ein eldre modell, eit uregistrert vrak som har tatt fyr på privat eigedom. Eigar var sjølv i ferd med å sløkkje, men får hjelp av lokalt brannvesen, opplyser operasjonsleiar Frode Kolltveit ved Hordaland politidistrikt. Politiet vart varsla via 110-sentralen klokka 15.28.