Hopp til innhold

Utan Patronen lek Sogndal-forsvaret som ein sil

SOGNDAL (NRK): Tre tapte treningskampar på rad og 11 baklengsmål. Sogndal har fått merke at forsvarsklippa er vekk.

Songdal Start

KAPTEIN: Hannu Patronen forsvann frå Sogndal etter førre sesong. Så langt har ikkje laget klart å tette igjen like godt bakover etter tapet av finnen.

Foto: Blom, Christian / NTB scanpix

Eirik Bakke

IKKJE BEKYMRA: Eirik Bakke trur laget skal vera i god rute når alvoret i serien startar neste veke.

Foto: Thomas Brakstad / NRK

– Vi saknar han og mentaliteten hans både på og utanfor bana, , seier Sogndal-trenar Eirik Bakke.

For status på dei tre siste treningskampane før seriestarten er: 0–4 tap for Lillestrøm og 0–5 mot Strømsgodset. I tillegg tapte eit ungt og reserveprega Sogndal 1–2 heime mot Hødd.

I morgon er det siste test mot Brann i Bergen, før alvoret startar neste søndag borte mot Sarpsborg 08. I fjor vart Sogndal nummer 11 i eliteserien, men berre fire lag hadde færre baklengsmål enn Sogndal sine 37.

Har trua

For Sogndal er det Christophe Psyché og Bjørn Inge Utvik som seglar opp som dei naturlege alternativa i midtforsvaret.

Men begge har slite med skadar i sesongoppkøyringa og spelt lite saman. Psyché har vore ute i fleire veker og var først tilbake under treningsleiren i Spania i starten av mars. Då vart Utvik sett ut av spel med ei ny hjerneristing.

Christophe Psyché

MED HÅR: Christophe Psyché har late håret vekse i vinter, men er no skadefri og klar for siste test mot Brann.

Foto: Thomas Brakstad / NRK

– Skadane har gjort at vi ikkje har fått sett forsvaret skikkeleg. Vi har mangla litt trykk i forsvaret, men dei har spelt saman før og eg trur vi skal få ein solid mur bak igjen, seier Bakke.

Bak Psyché og Utvik står nysigneringa Per-Magnus Steiring (20) som stopparalternativ.

– Vi har eit ungt lag, men eg har trua. Vi er også på utkikk etter ein ny forsvarsspelar og jobbar med det fram til overgangsvindauget stenger 31. mars, seier Bakke.

Rasande Utvik

Christophe Psyché har spelt ein og ein halv kamp for Sogndal sidan skadeavbrekket. Han merkar at Patronen og Rune Bolseth ikkje er med på laget i år.

– Dei var naturlege leiarar som inspirerte og pusha oss andre til å gjere det betre. Vi andre må verkeleg trå til ekstra i år, seier Psyché.

– Det er mange nye spelarar i år, men når vi får automatikk i korleis vi skal forsvare oss vert det bra, legg han til.

På treninga torsdag var det i alle fall ikkje tvil om at tenningsnivået er i orden før møtet med Brann laurdag. I spel på liten bane med små mål scora laget med gule vestar sigersmålet tre sekund før slutt.

Rasande Bjørn Inge Utvik

FORBANNA: Bjørn Inge Utvik likte dårleg at laget hans tapte 1–0, på trening.

Foto: Thomas Brakstad / NRK

Bjørn Inge Utvik var på det tapande laget og vart rasande. Han sparka i stolpen, ropte ord som ikkje egnar seg på trykk og kasta kjegler veggimellom.

– Alle burde fått den reaksjonen. At han hatar så intenst å tape, trass i at det berre var på trening, er bra og vitnar om ein styrke, seier Psyché.

Kampen mot Brann startar klokka 16.00 laurdag, og vi følger den her.