Hopp til innhold

Utan vatn i Askvoll

Askvoll kommune melder at det er brot på hovudvassleidninga til Askvoll og Holmedal vassverk. Heile Askvoll sentrum har vore utan vatn sidan rundt klokka 07.00 måndag morgon, skriv ein tipsar til NRK. Abonnentane må rekne med å vere utan vatn store deler av dagen. Firda melder at skulen vil halde stengt i dag.