Hopp til innhold

Turnuslege kjenner seg utrygg utan ambulanse stasjonert i kommunen

I ti månader har Balestrand vore utan ambulanse. For turnuslege Ingrid Hoff betyr det at ho ikkje kan kjenne seg trygg på jobb.

Ambulanse i Balestrand

SAKNAR AMBULANSEN: I ti månader har Balestrand vore dekt av ein ambulanse som er stasjonert i Høyanger.

Foto: Bård Siem / NRK

I akutte situasjonar kan det gå over ein halvtime før ambulansen er på plass. I mellomtida risikerer legane å stå åleine medan sekunda tikkar.

– At vi manglar ambulanse gjer at vi kan kjenne oss litt utrygge.

Politikarar og folk i Balestrand har sidan dei mista ambulansen i september i fjor kjempa for å få den tilbake. Fylkeslegen har på si side konkludert med at ambulansetilbodet er forsvarleg.

– Kjennest ikkje heilt rett

Turnuslege Ingrid Hoff er ikkje trygg på at dei alltid vil klare å yte nødvendig hjelp om nokon skulle bli akutt sjuke.

– Viss ikkje føresetnadene er i orden, og vi har uflaks med vêr og føre, og det ikkje er helikoptervêr så kan vi ikkje det.

Om somrane strøymer turistane til Balestrand. Folketalet stig til det dobbelte, og pågangen på legekontoret aukar tilsvarande. Likevel kan det ofte vere berre ein lege på vakt. Då er det tungt å stå åleine utan ein ambulanse i ryggen, seier ho.

Helge Robert Midtbø

FAGLEG FORSVARLEG: Klinikkdirektør Helge Robert Midtbø i Helse Førde.

Foto: Sunnfjord Energi

– Det kjennest ikkje heilt rett, og det trur eg alle legar vil synast.

– Tilfredsstillande

Kommunelege Gunnar Engan har etter mange års erfaring forsona seg med utryggleiken i yrket. Men han forstår uroa som dei yngre kollegaene kjenner på.

– Når vi ikkje har ambulanse i nærleiken så fell det meir ansvar på den legen som har vakt, så eg har stor forståing for at dei kjenner seg utrygge når støtteapparatet som er knytt til ein ambulanse som skal vere på pletten med ein gong, er borte.

Helge Robert Midtbø, klinikkdirektør for kirurgisk avdeling i Helse Førde, meiner ambulansetilbodet er fagleg forsvarleg.

– Den ambulansetenesta vi har i Balestrand og organiseringa rundt den meiner vi er tilfredsstillande og oppfyller dei krava den skal fylle opp.