Det handlar om å forlenge den eine av hallane, som heiter Å2D. Dette vil gje ein ekstra produksjonskapastiet på 15.000 tonn aluminium i året. Bakgrunnen er at når Hydro slår av straumen på dei gamle Søderberg-omnane, så vil produksjonen i Årdal gå så mykje ned at det får ein dominoeffekt.
Alvorlege konsekvensar
Det vil få konsekvensar for støyperidelen,og det er fare for at den eine linja i Tya Støyperi blir lagd ned dersom det ikkje kjem inn produksjon til erstatning for det som forsvinn med Søderberg-teknologien. Elektrolysesjef Tom Moen i Årdal seier at dei syslar med mange ulike tankar omkring dette, men han vil ikkje bruke ordet plan om ei eventuell forlenging av D-hallen enno.
Prioriterer Søderberg-drift
Påtroppande leiar i Årdal Kjemiske Fagforening, Bjørn Øvstetun, kjenner til tankane. Men han har ikkje brukt så mykje energi på det enno. - Det som har høgst prioritet hjå oss akkurat no er å få Hydro Aluminium med på å drive Søderberg-omnane ut over 1. januar 2007.
Dette er fristen Statens Forureiningstilsyn - SFT - har sett for den gamle og forureinande teknologien. Men dei har gitt signal om at dei kan tenkje seg å flytte på denne fristen for å gje Årdal betre tid på seg til omstilling.