Hopp til innhold

Ventar 1000 til markering

Held lærarstreiken fram over helga, er det venta at over 1000 lærarar frå heile fylket kjem til Førde tysdag kveld. Det seier Sissel Sande som er streikeleiar for Utdanningsforbundet sine medlemer i grunnskulen i Førde. Førebels er 164 lærarar tekne ut i streik her i fylket.