Hopp til innhold

Det neste døgnet skal det bøtte ned

60–90 millimeter nedbør det neste døgnet gjer at jordskredvarslinga åtvarar om jord- og flaumskredfare på Vestlandet.

Regn

VÅTT: Det neste døgnet kjem det mykje regn i Sogn og Fjordane.

Foto: Jens O. Kvale / Scanpix

Gult varsel er det lågaste nivået, men det kan likevel komme jord- eller flaumskred i Sogn og Fjordane og Hordaland.

– Dei mest utsette stadene er der det har gått skred før og der det kjem mest regn, seier Monica Sund ved Jordskredvarslingen.

Bratte skråningar, samt bekkar og elveløp med stor vassføring er særskilt utsett.

– Vi oppmodar folk om å reinse dreneringsvegar og stikkrenner for å unngå at vatn samlar seg opp.

Merkast mest ved kysten

Torsdag blir det sørleg sterk kuling og forbigåande liten storm i nord. Frå i ettermiddag blir det stiv kuling i sør. Statsmeteorolog Geir Ottar Fagerlid ved vêrvarslinga på Vestlandet seier folk må bu seg på mykje regn.

– I dag får vi lokalt mykje nedbør. Vi har sendt ut eit OBS-varsel om at det kjem 60–90 mm nedbør dei neste 24 timane. Det kjem mest regn tre til fem mil innanfor kyststripa, men det vil merkast godt i heile Sogn og Fjordane, seier han.

Fredag blir det sørleg stiv kuling og lokalt mykje regn. Frå fredag føremiddag sør og sørvest frisk bris. Det blir stiv kuling ved Stad. Det blir meir bygevêr enn på torsdagen.

Sognefjellet stengt

Medan nedbøren kjem som regn i låglandet, har det snødd godt på Sognefjellet. Vegen skulle eigentleg vore opna klokka åtte i dag tidleg, men er stengt utover dagen på grunn av dårlege verforhold, melder Statens vegvesen.

På E16 over Filefjell er det snødekke og snøslaps og på riksveg 52 over Hemsedalsfjellet er det snø- og isdekke torsdag føremiddag. Også dei som køyrer fylkesveg 53 mellom Tyin og Årdal må bu seg på snødekke.