Hopp til innhold

Vil ha vekk sexkjøpslova

– Sexkjøpsloven står i vegen for å løysa dei verkelege problema rundt menneskehandel, seier Sveinung Rotevatn som er stortingsrepresentant for Venstre til Dagsavisen. Høgre, Venstre og Frp har fleirtal på Stortinget for å fjerna lova, dersom dei ønskjer det. I august skal eit analyseselskap leggja fram ei evaluering. Med mindre evalueringa er overraskande positiv, bør loven fjernast, seier politikaren frå Eid til avisa.