Hopp til innhold

– Vi veit ikkje kva vi går til

Styreleiar i FK Jerv, Per Gunnar Topland, vedgår at 1. divisjonsspel blir ei enorm utfordring for Grimstad-klubben.

Per Gunnar Topland

Per Gunnar Topland ser fram til 1. divisjonsspel neste sesong.

Foto: Hans Erik Weiby/NRK

Brann stadion

Brann stadion kan bli ein av arenaene FK Jerv skal besøke neste sesong.

Foto: Hommedal, Marit / NTB scanpix

Fredrikstad stadion

Fredrikstad kan bli ein av motstandarane til FK Jerv neste sesong.

Foto: Nesvold, Jon Olav / NTB scanpix
– Eg trur ikkje vi veit kva vi går til. Men allereie tysdag skal vi på eit seminar med fotballforbundet der vi får vite litt meir om kva det vil seie å vere i 1. divisjon, seier styreleiaren til NRK.

Laurdag kunne vel 1000 tilskodarar på Levermyr stadion sleppe jubelen laus.

FK Jerv slo Pors og sikra opprykk til landets nest øvste divisjon. På to år har klubben rykt opp frå 3. divisjon til 1. divisjon.

Heilt ny kvardag

– Vi har jobba godt i mange år. Eg kan gjerne trekkje fram Totto Dahlum når han var trenar i klubben. Han starta eigentleg å lære oss kva det vil seie å vere profesjonelle, seier Topland.

– Så har Steinar Pedersen sett krona på verket. Vi har hatt kontinuitet i ein stor del av spelargruppa og leiinga. I tillegg har vi ei entusiastisk ungdomsavdeling i klubben, seier han.

Neste sesong blir motstandarar som Arendal og Fløy bytt ut med Bryne og Hønefoss. I tillegg kan dei møte den tidlegare eliteserieklubben Fredrikstad, dersom dei ikkje rykker opp til eliteserien.

Sandnes Ulf, Sogndal eller Brann kan også komme til å besøke Levermyr stadion neste år.

Jerv spretter champagnen etter opprykk

Sjå Jerv-spelarane feire opprykket i garderoben.

Vil etablere seg i 1. divisjon

Styreleiaren er klar på at spelarstallen skal styrkast, men det kjem ikkje til å bli ein «kjøpefest».

– Vi har ein god spelarstall i dag, så eg ser ikkje føre meg mange forsterkningar. Men noko blir det heilt sikkert, seier han.

Han går no i gang med å førebu klubben på den nye kvardagen som ventar i 1. divisjon. Det skal blant anna tilsettast fleire i administrasjonen. Målet er å halde seg i divisjonen.

– Vi skal ikkje vere noko døgnfluge. Vi har som mål å etablere oss i 1. divisjon, seier han.

Laurdag feira han opprykket saman med spelarane.

– Vi hadde ein festaften som eg håpar vi aldri kjem til å gløyme, ler han.

Trener Steinar Pedersen er glad for Jervs opprykk

Sjå intervju med trenar Steinar Pedersen etter at opprykket vart sikra laurdag.

Siste nytt fra NRK Sørlandet

null
Spiller nå
Lett å få flyskrekk av dette - men det finnes råd 00:41
Neste

Økonomistatus

Strømpris i dag

Inkludert avgifter

Billigst kl. 15 1,62 kr
Dyrest kl. 08 2,15 kr

Strømkostnader nå

  • Steke pizza 0,6 kr 25 min.
  • Dusje 6,3 kr 10 min. / 100 liter vann
  • Vaske klær 0,8 kr En vask
  • Varmeovn 1,6 kr 1000w, en time

Styringsrenta i prosent

Høyere styringsrente betyr økte utgifter dersom en har boliglån

Økte matpriser

Hvor mye matprisene har økt det siste året, sammenlighet med lønnsutvikling

  • Matvarer Mars 2023 – mars 2024
    + 6,1 %
  • Lønnsutvikling Anslag for 2024
    + 4,9 %