Hopp til innhold

Supportarbuss utsett for hærverk

Ein buss frå Rogaland vart utsett for hærverk under eliteseriekampen mellom Start og Viking i Kristiansand.

Busshærverk

Bussen stod parkert utanfor stadion under oppgjeret mellom Start og Viking. Hjulkapselen hadde synlege skader og måtte fjernast før bussen kunne køyre vidare.

Foto: Per-Kåre Sandbakk/NRK

– Det er nokon som har gjort hærverk på ein hjulkapsel. Den må takast av før vi køyrer vidare, seier Ingvar Landa i busselskapet Ingvars Reiser til NRK.

Tips NRK fekk etter kampslutt gjekk på at det var ein av bussane til supportarklubben Vikinghordene som var utsett for hærverk.

– Det er ikkje vår buss, men det er uansett kjedeleg å høyre om slikt, seier Tommy Nærland i Vikinghordene.

– Kan ikkje få panikk

Det var ein skuleklasse frå Rogaland som hadde vore på tur til Hovden som hadde leigd inn bussen, som stod parkert utanfor stadion under kampen.

– Dei bestemte seg for å reise innom Kristiansand og få med seg kampen før dei reiser tilbake til Rogaland, seier Landa.

Han understrekar at busselskapet ikkje kjem til å føreta seg noko i saka.

– Vi kan ikkje få panikk fordi nokon øydelegg ein hjulkapsel. Dette må vi tole, seier Landa.

La att lapp på ruta

Det var Kristiansand Parkeringsselskap som oppdaga hærverket. Dei la att ein lapp på frontruta der dei oppfordra sjåføren om å sjekke hjulet før dei køyrde vidare.

– Vi kunne sjå at nokon hadde tukla med hjulet. Difor la vi att ein lapp, seier Astrid Hansen i parkeringsselskapet.

Politiet har ikkje blitt varsla om hærverket. Det er uvisst kven som står bak.

Viking vann kampen 2-0.

Siste nytt fra NRK Sørlandet

null
Spiller nå
NRK Forklarer: Baneheia-saken 01:05
Neste

Økonomistatus

Strømpris i dag

Inkludert avgifter

Billigst kl. 14 1,31 kr
Dyrest kl. 08 1,56 kr

Strømkostnader nå

  • Steke pizza 0,6 kr 25 min.
  • Dusje 5,6 kr 10 min. / 100 liter vann
  • Vaske klær 0,7 kr En vask
  • Varmeovn 1,4 kr 1000w, en time

Styringsrenta i prosent

Høyere styringsrente betyr økte utgifter dersom en har boliglån

Økte matpriser

Hvor mye matprisene har økt det siste året, sammenlighet med lønnsutvikling

  • Matvarer Mars 2023 – mars 2024
    + 6,1 %
  • Lønnsutvikling Anslag for 2024
    + 4,9 %