Hopp til innhold

Rikeleg med reker i sør – rekemangel i nord

Trass rekemangel i nord, er det gode fangstar i sør. Og i vest hindrar små kvotar det store rekefisket. Sjekk oversikta over tilgangen på reker langs Norskekysten.

Reker på fiskebrygga i Kristiansand

– Det blir aldri nok reker om sommaren, seier Karin Olsen i Lyngen Reker i Troms.

Foto: Tom-Richard H. Olsen / NRK

Her er det mykje reker - gå rett til lista

– Nå kjem rekene igjen, seier rekefiskar Alf Ulland ved Ulland fiskemottak på Hidra i Vest-Agder.

Alf Ulland

Rekefiskar Alf Ulland seier det er gode fangstforhold for reker etter fleire dårlege år.

Foto: Odd Rømteland / NRK

Ut av ingenting er det stor gyting i Skagerrak, seier rekefiskaren som selde reketrålaren sin for tre år sidan, men som no har starta opp igjen.

Det er godt med reker både i Norskerenna, på bankane og også langs kysten.

Det ser bra ut her i Nordsjøen og Skagerrak, seier han.

Han tek opp att rekefisket igjen på grunn av eit godt år i år.

– Prisane er stabile og gode, og den kalde sjøen er bra for rekebestanden, meiner Ulland.

– Fisket er greitt, men det er ein del kvotebegrensningar, seier rekefiskar og styreleiar i Arendal Fiskemottak Ragnar Langtveit.

– Kvotane førar til mindre reker på marknaden. Fritt fiske hadde nok ført til betre tilgang, fordi dei er veldig lett omsettelege, seier Langtveit.

Fiskebasaren i Kristiansand er et populært sted å kjøpe reker.

NETT-TV: Mykje reker i sjøen betyr ikkje automatisk overflod av reker hos Fredrik Theisen Kleveland, som jobbar hos Fiskeeksperten Reinhardsen AS i Kristiansand.

OVERSIKT OVER HEILE LANDET:

  • Østfold og kysten av Austlandet (mykje reker)

Langs kysten på Østlandet er det heller ikkje mangel på reker, men også her ser dei at kvotane avgrensar rekefisket.

– Her er det godt fiske. Det er mykje reker i sjøen, men det er regulert av kvotane som er sett. Her er det kvotane som avgrensar fisket, eine og aleine. Båtane har korte dagar på sjøen og får mykje reker, seier innkjøps- og marknadsansvarleg Leif Otto Edvardsen ved Fjordfisk på Hvaler til NRK.

  • Agder (mykje reker)

På Sørlandet meldast det om godt med reker i havet, men kvotane bremsast opp for at rekene ikkje skal fiskast opp for tidleg.

– Det er bra fiske i år samanlikna med dei to førre åra. Rekebestanden går i syklusar, og i no er bestanden på veg opp i sør, seier Kjell Arild Tøfte, direktør ved fiskaranes salsorganisasjon Skagerrakfisk.

Kvoteavgrensninga gjer at dei som leverer reker ikkje får levert like mykje som dei kunne ha gjort, og prisane presses opp.

På fiskebrygga i Kristiansand fortel Reidar Fredriksen frå Fiskeeksperten Reinertsen at rekeprisane er rekordhøge, over 200 kroner kiloen.

– Vi kunne seld enda dyrare, eller eksportert alt til Oslo om vi berre skulle følgt marknaden, seier Fredriksen.

  • Rogaland (mykje reker)

– Me får alt for lite. Det er alt for lite råreker til oss som driv med reinsking, seier dagleg leiar Arild Stulen ved Finny Sirevaag AS, Noregs største produsent av ferske, reinska reker.

Bedrifta tek imot reker som er fiska langs heile Sør-Noregs kyst, frå Nord-Rogaland til Hvaler i Østfold. Men forklaringa på mangelen er ikkje rekemangel i sjøen, ifølge han.

– Det er enormt med reker i sjøen, men fiskarane har ikkje lov til å fiske dei opp, fordi kvotane er sett. I Skagerrak er det kjempemasse reker, men ein kan berre fiske reker der i to dagar før kvoten er brukt opp. Så problemet er ikkje at det er for få reker, men at kvotane er for låge, seier han.

  • Hordaland (lite reker)

– Me har ikkje sjanse til å levere så mykje reker som marknaden spør etter, seier rekefiskar Kjell Natterøy ved Stokkøy reiarlag på Bømlo.

– Dei gamle trålefelta er heilt tomme, men det har teke seg meir opp i sør i dei siste åra. Så me håpar jo at rekestammen kjem lenger nord om nokre år, seier han.

  • Sogn og Fjordane (lite reker)

Det er ingen aktive rekefiskarar i dette fylket, så innbyggjarane her er avhengig av import.

  • Møre og Romsdal (lite reker)

– Det er ikkje noko særleg lokal rekefiske. Det er jo nokre få, men det er mest havgåande båtar nordfrå som forsyner butikkane her i fylket med reker, seier salssjef i Sunnmøre og Romsdal fiskesalslag, Vidar Naalsund.

  • Trøndelag (lite reker)

Fiskarar i Trøndelag seier dei har dårlege år for rekefiske.

– Det er det dårleg med me har mista mange felt dei siste 15 åra og det skuldast då truleg oppdrettsaktiviteten i dei fjordane som er råka. Så det er vel gjengs langs heile kysten, seier fiskaren Hans Finnanger frå Otterøya utanfor Namsos.

  • Nordland (lite reker)

Rekeselger Markus Olaussen gir reker til en kunde på havna i Bodø

Selger Markus Olaussen gir reker til en kunde på havna i Bodø.

Foto: Benjamin Fredriksen / NRK

I Nordland slit både fabrikkar og fiskarar med å dekke etterspurnaden etter reker.

– Akkurat nå har me ikkje tilgang på reker i det heile teke. Me har hatt veldig god tilgang i mai og juni, men så blei det mykje skitt i havet, slik at trålaren gjekk full av andre ting enn reker, seier Bodil Holmen, som er dagleg leiar ved «Nordreker» i Lurøy kommune.

Produsenten på Helgeland sel blant anna handplukka reker til matbutikkar over heile landet. Men i sommar er seks av dei 14 tilsette permittert på grunn av mangel på reker.

Både fiskare, produsentar og butikkar NRK har prata med, merker at det er mindre reker denne sommaren. Men på kaia i Bodø ser ikkje selger Markus Olaussen om bord i reketråleren «Lene K» så mørkt på situasjonen.

– Mange kunder spør om vi har nok. Som regel går det fint, sier han.

Kollega Harald Jensen på samme båt seier at tilgangen til reker varierer litt fra år til år, og at etterspørselen svinger med veret.

Frå Troms meldast det om litt mindre reker enn i fjor, men ingen spesiell rekemangel.

– Ein skulle alltid hatt meir reker om sommaren, men det er ikkje noko spesiell mangel i år, sjølv om det er litt mindre enn i fjor, seier Karin Olsen som er dagleg leiar ved Lyngen Reker AS i Svensby i Troms.

  • Finnmark (mykje reker)

– Det er bra med reker i Finnmark, men fiskarane må nok jobbe litt meir per kilo i år enn i fjor, seier dagleg leiar i Polar Seefor Norge Trygve Åsvestad, som har ein fiskefabrikk i Berlevåg.

NETT-TV: Slik skreller du reker

Rekefiskeren viser hvordan man skreller reker.

Siste nytt fra NRK Sørlandet

null
Spiller nå
NRK Forklarer: Baneheia-saken 01:05
Neste

Økonomistatus

Strømpris i dag

Inkludert avgifter

Billigst kl. 14 1,05 kr
Dyrest kl. 21 1,56 kr

Strømkostnader nå

  • Steke pizza 0,6 kr 25 min.
  • Dusje 5,6 kr 10 min. / 100 liter vann
  • Vaske klær 0,7 kr En vask
  • Varmeovn 1,4 kr 1000w, en time

Styringsrenta i prosent

Høyere styringsrente betyr økte utgifter dersom en har boliglån

Økte matpriser

Hvor mye matprisene har økt det siste året, sammenlighet med lønnsutvikling

  • Matvarer Mars 2023 – mars 2024
    + 6,1 %
  • Lønnsutvikling Anslag for 2024
    + 4,9 %