Hopp til innhold

Skypumper over Arendal: – Eg har aldri sett på maken

Folk på Sørlandet kasta ifrå seg alt dei hadde i hendene då fleire enorme skypumper velta innover mot land.

Espen Bierud i Havforskningsinstituttet fikk fanget en stor skypumpe med kameraet sitt.

Foto: Espen Bierud

– Eg har sett tre forskjellige til no. Det ser ikkje ut som normale skypumper. Eg har aldri sett på maken. Dei ser temmeleg svære ut. Eg håpar ikkje nokon er ute på sjøen, seier Silje Rydningen Helland som tok kontakt med NRK då ho såg skypumpene.

Skypumpene er observert både i Arendal, Lillesand og Grimstad.

– Håpar ikkje det var båtar ute

Espen Bierud jobbar til dagleg ved Havforskingsinstituttet i Flødevigen i Arendal. Han var ein av mange som fekk med seg naturfenomenet.

– Det gjekk ikkje mange sekund før folk stimla ut på brygga og verandaer for å sjå, seier han.

– Vi såg først ein stor ein ute i havet, så kom det ein litt nærare. Dei såg svære ut og havvatn vart rive opp. Eg håpar berre ikkje det var båtar der ute, seier han.

Ifølgje Bierud let folk seg fascinere.

– Eg høyrde fleire som at dei aldri har sett liknande i Arendal tidlegare. Det var mange som hadde mobiltelefonar oppe og som filma, ler Bierud.

– Litt skremmande

Anne Wæhre var saman med dei tre barna sine på 2, 4 og 6 år då ho oppdaga skypumpene.

– Det var heilt dødskult. Eg har aldri sett noko liknande før. Men det var nesten litt skremmande med lyn og tore samstundes, seier ho.

Statsmeteorolog Arild Mentzoni seier at synet som dukka opp i Arendal er sjeldan.

Arild Mentzoni

Statsmeteorolog Arild Mentzoni.

Foto: Ekroll, Anne Liv / Anne Liv Ekroll, NRK

– Det var tydelegvis det vi kallar ei trombe eller kanskje ein mini-tornado i dette tilfellet, som såg ganske kraftig ut, seier Mentzoni til NRK.

– Dette er noko vi høyrer om og les om i kraftig uvêr, mellom anna i USA, seier han.

Statsmeteorolog: – Denne er kraftig

Han seier at det er ustabile luftmassar som vert sett i rotasjon, og at rotasjonen kan bli så kraftig at den går frå sky til bakke, og gjerne til sjøen.

– Det roterer så kraftig at den kan fiske opp vatn. Lufta kondenserer slik at vi ser denne virvelvinden så tydeleg, seier han.

– Kor vanleg er dette?

– Det er ikkje uvanleg at vi har det vi kallar skypumper her i landet sommartid, men dei er ofte ikkje så kraftige som det ser ut til på desse bileta her, seier statsmeteorologen.

– Denne er ganske kraftig, og kjem ein i vegen for ein slik sak, så hadde ein fått problem med det eine og det andre, trur eg, seier han.

Se naturfenomenet i Arendal

Foto: Leif Dalen/NRK

Foto: Einar Braatlund Larsen
Video: Privat

Fyrforvaltar: – Dette var heilt spesielt

Fyrforvalter på Torungen fyr, Knut Mørland, har sett det meste på sjøen. Men skypumpene tysdag overgår alt.

– Dette har eg aldri sett i mitt 64 årige liv. Det var veldig spennande, seier han.

– Eg har sett fleire små skypumper frå fyret, men det har berre vore småtteri i forhold. Denne sugde opp kolossale mengde vatn. Dette var heilt spesielt. Eg har aldri sett maken, seier han.

Morten Boswarva var på køyretur med sambuaren då dei såg skypumpene frå E18.

– Eg sa til ho, «i helsike, køyr ut mot sjøen»,. Dette ville eg ha med meg, ler han.

Boswarva fekk med seg skypumpene frå Fevik i Grimstad.

– På det meste var det fem skypumper på ein gang. Det var heilt rått å sjå på. Det slo ned i vatnet og spruta rundt, sier han.

Familie opplevde skypumpe

Halvor (4), Nora Johanne (6), Håkon (2) og mor Anne Wæhre såg skypumpene i Arendal.

Foto: Bente Evy Halvorsen

Siste nytt fra NRK Sørlandet

null
Spiller nå
Lett å få flyskrekk av dette - men det finnes råd 00:41
Neste

Økonomistatus

Strømpris i dag

Inkludert avgifter

Billigst kl. 15 1,62 kr
Dyrest kl. 08 2,15 kr

Strømkostnader nå

  • Steke pizza 0,6 kr 25 min.
  • Dusje 6,3 kr 10 min. / 100 liter vann
  • Vaske klær 0,8 kr En vask
  • Varmeovn 1,6 kr 1000w, en time

Styringsrenta i prosent

Høyere styringsrente betyr økte utgifter dersom en har boliglån

Økte matpriser

Hvor mye matprisene har økt det siste året, sammenlighet med lønnsutvikling

  • Matvarer Mars 2023 – mars 2024
    + 6,1 %
  • Lønnsutvikling Anslag for 2024
    + 4,9 %