Hopp til innhold

Treng fleire redningshundar

I dag fins det berre ein godkjent redningshund i Aust-Agder. No har Norske Redningshunder i fylket søkt om pengar til fleire.

Helge Vasseng

Norske Redningshunder i Aust-Agder søker om pengestøtte til ein ny hund.

Foto: Privat

I Vest-Agder er det fem ekvipasjar i dag. I Aust-Agder har dei har sendt søknad om pengestøtte til Klima- og miljødepartementet om ein ny hund.

– Behovet er rimeleg stort. Å ha ein hund raskt tilgjengeleg kan ofte vere alfo omega. Viss dei kjem tidleg i søk og får ferten av dei som er sakna løyser saker seg raskare når du har ein hund tilgjengeleg, seier leiar i Norske Redningshunder i Aust-Agder, Per Kristian Askeland til NRK.

Kan ta år med opplæring

– Den norske redningstenesta er heilt avhengig av frivillege for å komme ut av ei god redningstenteste. Difor er det veldig viktig å ha gode hundar som er eit fantastisk verkty for å finne sakna personar, seier han.

Det er i dag åtte hundeførarar med hund i Aust-Agder som jobbar for å bli godkjende. Det kan ta fleire år før ein hund vert godkjend.

– Det er ein lang veg fram. Å godkjenne ein hund reknar vi med at tek to til tre år, seier Askeland.

Ti prosent vert godkjende

Det er tøffe krav for å få godkjent ein redningshund. Ein reknar med at berre ti prosent av dei som byrjar på utdanninga til slutt vert godkjende som ekvipasje.

– Det er absolutt ikkje gitt at alle vert godkjende. Det er eit hardt program og ei hard prøve dei skal gjennom. Vi håpar at vi får fram så mange som mogleg, men noko fråfall vil det alltid bli, seier leiaren.

Norske Redningshundar har døgnbemanna alarmtelefon og bistår i redningsaksjonar i nært samarbeid med hovudredningssentralane og lokalt politi.

Sjå korleis Merete Nerhagen og redningshunden Pluto jobbar for å finne folk som er teke av skred.

Siste nytt fra NRK Sørlandet

null
Spiller nå
Lett å få flyskrekk av dette - men det finnes råd 00:41
Neste

Økonomistatus

Strømpris i dag

Inkludert avgifter

Billigst kl. 13 1,26 kr
Dyrest kl. 20 1,77 kr

Strømkostnader nå

  • Steke pizza 0,6 kr 25 min.
  • Dusje 6,3 kr 10 min. / 100 liter vann
  • Vaske klær 0,8 kr En vask
  • Varmeovn 1,6 kr 1000w, en time

Styringsrenta i prosent

Høyere styringsrente betyr økte utgifter dersom en har boliglån

Økte matpriser

Hvor mye matprisene har økt det siste året, sammenlighet med lønnsutvikling

  • Matvarer Mars 2023 – mars 2024
    + 6,1 %
  • Lønnsutvikling Anslag for 2024
    + 4,9 %