Hopp til innhold

Vil ha regulering av leppefiske

Fiskarar fryktar at heile kystfiskekulturen kan forsvinne dersom styresmaktene ikkje strammar inn reglane for fiske etter leppefisk.

Leppefisket langs sørlandskysten bør reguleres, mener både fiskerorganisasjoner og Skagerrakfisk. Stadig flere utenlandske aktører forsyner seg av fatet. Det kan bety slutten for kystfiskerne.

NETT-TV: Sjå reportasje om leppefisket.

Fiskarar i Arendal

Fiskarar i Arendal leverer fangst.

Foto: Anne Wirsching/NRK
Bil hentar leppefisk

Leppefisken vert denne dagen frakta til nordvestlandet.

Foto: Anne Wirsching/NRK
Lakselus

Leppefisk et lakselus og vert brukt i oppdrettsanlegg.

Foto: NRK

Ei av årsakene er at stadig fleire utanlandske aktørar forsyner seg av fatet.

No meiner både fiskarorganisasjonar og Skagerrakfisk at leppefisket langs Sørlandskysten bør regulerast.

– Då er det jo mange som ikkje får fiske. Kanskje polakkar og utlendingar som område og øydelegg for oss fiskarar som lever av dette, seier fiskar Lise Fløistad Andersen til NRK.

Vil bli høyrt

Fiskar Ole Magnus Bekkevik er ein av mange som leverer leppefisk til oppdrettsanlegg.

Dei får 5,50 kroner per levande fisk. Fisken vert brukt i lakseanlegg og held oppdrettslaksen fri for lus.

– Det skal meir til enn berre leppefisk for å overleve som fiskar. Sjølv om det nok for mange kan vere halvparten av årsinntekta, dersom dei står på, seier han.

– Dersom det skulle bli noko form for regulering håpar eg dei ser på dei lokale fiskarane, som treng fiskeriet og som skånsamt tek vare på den. For det er jo levande fisk. Eg håpar det vert sett pris på og vert prioritert i ei konsesjonsrunde, legg han til.

Skal forske på leppefisk

Også han opplever den tøffe konkurransen, også frå utanlandske aktørar.

– Det er folk frå Litauen og kanskje Polen. Dei snakkar i alle fall ikkje norsk. Dei er to mann på kvar båt og trekkjer to gonger om dagen. Dei fiskar effektivt for å seie det slik, seier Bekkevik.

Det er gjort lite forsking på leppefisken til no. Stipendiat ved Universitetet i Agder, Kim Tallaksen Halvorsen, vil no finne ut kva konsekvensar det store leppefisket kan gi.

– I forhold til andre viktige fiskeslag har vel kunnskapsgrunnlaget hengt litt etter. Det er fordi dette er eit relativt nytt fiskeri. Sidan 2008 har det meir enn femdobla seg. Det vi veit er at dette er artar som lever lenge, seier han til NRK.

– Vi vil kartlegge bestanden med tanke på levetid, genetikk, vekst og alder. Så vil vi sjå på korleis reproduksjonen går føre seg. Det er veldig viktig for å vite om fisket kan ha ein effekt. I tillegg måler vi delen som vert teke ut, seier Tallaksen Halvorsen.

Tøff jobb

Fiskarane i Arendal leverer fangsten i Barbu. Ein tankbil vert fylt med 45 000 fisk, som skal til eit oppdrettsanlegg på nordvestlandet.

Fiskar Lise Fløistad Andersen fortel om ein tøff jobb.

– Veldig. Eg har ikkje hatt ein fridag sidan 15. mai. Eg har vore på sjøen kvar dag, seier ho.

NETT-TV: Forsker på leppefisket
Leppefisket langs sørlandskysten bør reguleres, mener både fiskerorganisasjoner og Skagerrakfisk. Stadig flere utenlandske aktører forsyner seg av fatet. Det kan bety slutten for kystfiskerne.

Stipendiat Kim Tallaksen Halvorsen skal forske på leppefisket.

Siste nytt fra NRK Sørlandet

null
Spiller nå
NRK Forklarer: Baneheia-saken 01:05
Neste

Økonomistatus

Strømpris i dag

Inkludert avgifter

Billigst kl. 14 1,05 kr
Dyrest kl. 21 1,56 kr

Strømkostnader nå

  • Steke pizza 0,6 kr 25 min.
  • Dusje 6,3 kr 10 min. / 100 liter vann
  • Vaske klær 0,8 kr En vask
  • Varmeovn 1,5 kr 1000w, en time

Styringsrenta i prosent

Høyere styringsrente betyr økte utgifter dersom en har boliglån

Økte matpriser

Hvor mye matprisene har økt det siste året, sammenlighet med lønnsutvikling

  • Matvarer Mars 2023 – mars 2024
    + 6,1 %
  • Lønnsutvikling Anslag for 2024
    + 4,9 %