– Trebåtfestivalen ein av våre aller viktigaste merkevarer, berre overgått av trehusbyen sjølv. Vi må behalde festivalen, og den må halde fram i Risør, seier ordførar Per Kristian Lunden til NRK.
Måndag denne veka melde Stiftelsen Risør Trebåtfestival oppbud. Kort tid etter vart det sett i gang arbeid for å få til ein ny festival.
– Fantastiske nyheiter
Initiativtakarar ba om 150 000 kroner til stiftelseskapital og utviklingsmidlar.
– Er det sant? Dette er fantastiske nyheiter, seier Rune Nylund Larsen til NRK då han fekk vite at politikarane sa ja til pengestøtta.
Han er ein av initiativtakarane bak ein ny trebåtfestival i Risør.
– Vi er heilt avhengig av å få kommunen med. Signala dei gir ved å vere med frå starten set vi veldig stor pris på, seier han.
Han er glad for at politikarane behandla saka raskt.
– Det betyr at vi kan komme raskt i gang med å planlegge ein ny festival. Alt tyder no på at vi kan gjennomføre ein festival i 2015, seier han.
Må ha god økonomistyring
Neste veke skal bystyrepolitikarane avgjere om festivalen får pengane. Ordføraren påpeikar at det vil bli stilt krav til ein ny festival.
– I vedtaket som er gjort seier vi at det skal sikrast overskot og økonomisk berekraft i lang tid framover. Det må jobbast godt med sponsorar og ein må sjå utgifter i forhold til inntekter på ein veldig kritisk måte, seier ordføraren.
– Det er viktig at festivalen vert godt forankra i heile lokalsamfunnet, også handels- og utelivsnæring, seier Lunden.