Skøytetinget vedtok denne helga at 10 000-meteren i allround-NM 2012 skal vere fellesstart der lag på fire og fire skøyteløparar skal gå mot kvarandre.
Det har fått både Håvard Bøkko og Øystein Grødum til å reagere på Twitter.
«Jaja... Da var Allround-NM 2012 allerede ødelagt: fire og fire løpere skal gå lagtempo på 10 000m. Fritt for å ikke dra! #Bullshit», skriv Håvard Bøkko.
Skøytetinget vil ha fellesstart på 10 000-meter i allround-NM neste år.
Kva synst du? Diskutér nedst i artikkelen!
Dårlege framtidsutsikter
Skøytesporten har vanskeleg for å tiltrekka seg unge sjåarar. Og Skøytetinget har lenge diskutert korleis dei kan gjere skøyteløp meir attraktivt.
På grunn av dårlege framtidsutsikter vurderte NRK i vinter å kvitte seg med rettigheitene til skøyteverdscupen.
– Skøytesporten må fornye seg og gjere seg meir TV-vennleg, viss vi skal halde fram og satse på det, sier sportssjef Rune Haug i NRK.
– Ikkje bra for løparane
Til NRK seier Bøkko at fellesstart ikkje bør prøvast ut i allround-NM, men heller i eit Noregscup-løp.
– Å bruke opp 10 000-meteren i NM på å prøva ein fellesstart i Noreg trur eg ikkje er bra for løparane som går. Eg trur heller ikkje det kjem til å trekke meir publikum eller TV-folk,
President i skøyteforbundet, Vibeke Sørensen, visste at det ville komme kritikk mot avgjerda.
– Eg forstår at dei reagerer på endringar fordi dei opplev det tidlegare allround-konseptet som velfungerande. No er også allround noko av det som fungerer aller best, men vi vil prøve eit nytt konsept med ein avsluttande 10 000-meter i NM.
– Vil ikkje dra ein halvmeter
Bøkko er ikkje framand for å prøva fellesstart på 10 000-meter, men bare ikkje i NM.
– Det er aktuelt å prøve, men i eit allround-NM som er ein samanlagtmeisterskap er eg ganske sikker på at ein kan dele ut medaljane etter tre distansar, seier Bøkko.
– Om eg leier etter tre distansar vil eg bare ligge bak og ikkje dra ein halvmeter på 10 000-meter for å seie det sånn, seier Bøkko.
Også Grødum er klar på kva han meiner om den nye 10 000-meteren:
«IDIOTISK å vedta fellesstart på tier'n i allr-NM. Skal ikke si at vi ikke trenger nyvinninger, men ikke bland det inn som en del av klassisk allround».
– Meir interessant
Kritikken mot avgjerda er hard frå Bøkko si side. Til Øystein Grødum skriv Bøkko dette på Twitter:
«tydeligvis flertall av suppehuer på tinget i år...!»
– Eg synst vel at det er ein lite naudsynt skildring av tinget. Det har vore eit veldig konstruktivt ting så langt, seier Sørensen.
Til NRK seier Bøkko at dette bare var meint som ein spøk til Grødum.
«Bare søppel»
– Vi ønsker å prøve dette for å gjere sporten mer interessant. Eg kan ikkje garantere at det er absolutt fasit å gå fire og fire på 10 000-meter, men vi gjer dette for å sjå om det kan skape meir interesse, seier Sørensen.
Meir interesse trur ikkje Bøkko det blir med fellesstart på distansen.
«Nytenkning i skøytesporten er bra, og jeg er åpen for det. MEN det her er jo bare søppel, og mer publikum blir det garantert ikke!», skriv Bøkko på Twitter.
– Må våge å prøve
Trass i kritikken meiner skøytepresidenten det er verd å prøve ut det nye konseptet.
– Eg synst vi skal våge å prøve det ut ein gong. Dette er bare eitt forsøk. Det er ikkje noko som skal skje i alle allround-NM framover, seier Sørensen.
Etter det nye 10 000-meterforsøket i NM 2012 vil Skøytetinget evaluere konseptet og vedta om dette er noko å gå vidare med.
– Om vi ikkje går vidare med dette har Noreg, som stor skøytesportnasjon, uansett vore eit føregongsland på å prøva noko nytt også i allround-samanheng, seier Sørensen.
Vil du ha fellesstart på 10 000-meter i allround-NM neste år? Diskutér!